Hopp til innhold

Det handlar mest om motorveg

Det viktigaste målet med å innføre bomringar i byområde er å oppnå nullvekst i biltrafikken. Men i styringsgruppa på Nord-Jæren er det motorvegbygging som opptar deltakarane mest.

Transportkorridor vest, like vest for Stavanger lufthavn, Sola

Transportkorridor vest, firefelts veg frå Sola, via Risavika og Tananger til grensa mot Randaberg, står høgt på ønskelista til fleire deltakarar i styringsgruppa for bompengeringen på Nord-Jæren.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I fleire møte i styringsgruppa for den nye bomringen på Nord-Jæren, har ordførar Stanley Wirak i Sandnes vore opptatt av å få fortgang på bygging av firefelts motorveg mellom Sandnes og Ålgård.

– Det er folk som står i kø til Ålgård kvar dag. Me må gjera noko med det. Me kan ikkje venta i 10 år før det skjer, seier Wirak.

Motorveien fra Hove i Sandnes mot Ålgård

Firefelts motorveg på E39 frå Hove i Sandnes og mot Ålgård, skaper større trykk i diskusjonen i styringsgruppa, enn kva bussvegen gjer.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Problemet for ordføraren er at staten ikkje har lagt inn pengar til prosjektet i Norsk Transportplan før i 2024. Løysinga, for Wirak, er å la bompengeprosjektet ta opp eit lån og forsere bygginga.

Nye tider

Men Rogaland fylkeskommune, saman med Oslo, Hordaland og Trøndelag har underskrive ei byvekstavtale med regjeringa. Den stiller som krav at biltrafikken ikkje skal gå opp. Til gjengjeld lovar regjeringa å bidra med store beløp til kollektivtrafikken kvart år. For Nord-Jæren gjeld det 170 millionar kroner til neste år.

Kart over bussveien med status per 20. oktober 2017

Bussvegen på Nord-Jæren skal bli 50 kilometer lang når alt er ferdig.

Foto: Rogaland fylkeskommune

Den viktigaste bidragsytaren til at nullvekst i biltrafikken kan vera mogeleg på Nord-Jæren, er bussvegen mellom Sandnes og Stavanger, og vidare vestover til Hafrsfjord og Tananger.

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF), er uroa over at så mykje merksemd i styringsgruppa blir brukt på motorvegbygging.

– Me har vore vant med at det me bompengefinansierar, det skal me bruka på veg. Men det er nå snudd på hovudet, sidan 70 prosent av bominntektene skal brukast på kollektiv, sykkel og gåprosjekt, seier Ege Tengesdal.

Få fart på vegprosjekt

I løpet av våren og sommaren, blei ferdigstilling av bussvegen utsett frå 2021 til 2023, fordi det tar lengre tid enn venta med planlegging og bygging av bussvegen.

Ein passasjer går på ein buss i bussvegen i Stavanger

Det er bussvegen som er det viktigaste grepet for å stanse veksten i biltrafikken på Nord-Jæren.

Foto: Elisabeth Tønnessen

I styringsgruppemøtet den 26. oktober var det likevel E39 frå Tasta og vestover mot grensa til Randaberg som skapte heftigast debatt. Prosjektet blir dyrare enn venta.

Kristine Enger, ordførar i Randaberg og Christine Sagen Helgø, ordførar i Stavanger, meinte begge at overskridingane kunne hentast frå bompengane.

Må prioritere nullutslepp

I det siste møtet i styringsgruppa var rett nok bussvegen tema nummer ein, men då var det innsparingar i prosjektet som sto på planen.

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal merkar presset frå bilistane om å prioritere bygging og utbetring av vegar.

Solveig Ege Tengesdal, fylkesordfører i Rogaland (KrF)

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal under opning av eitt av delstrekka på bussvegen mellom Stavanger og Sandnes.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Likevel er ho klar på at styringsgruppa ikkje må tape av syne at det er nullutslepp og bussveg, sykkel og gåing, som må ha prioritet.

– Me må vera veldig tydlege nå. Viss me ikkje klarer å visa at det skjer ei endring i måten me transporterer oss sjølve på, så får det konsekvensar for overføringane frå staten, seier ho.