Hopp til innhold

DISCGOLF-PARK I SANDNES:

Rådmannen i Sandnes går inn for at det vert etablert ein discgolf-park i friområdet ved Smeaheia og Varatun. Ein slik park er ei frisbee-bane med målkorger og utkastpunkt. Det er Sandnes discgolf-klubb som har teke intiativet, og rådmannen meiner bana til 400.000 kroner vil vere svært positiv i arbeidet for betre folkehelse. Frå før finst det to anlegg i Sola, men dette vert det første i Sandnes.