Hopp til innhold

Sjå korleis suldølane feirer 17. mai

For første gong nokon sinne skal NRK sende direkte frå Suldalsosen på nasjonaldagen.

Kolbein Bakka

Kolbein Bakka er blant dei som skal vera med på sendinga frå Suldalsosen på 17. mai.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me ynskjer NRK sine sjåarar over heile landet velkomen til å vera med på feiringa av nasjonaldagen på Suldalsosen, seier suldøl Kolbein Bakka.

I år skal NRK1 sende direkte frå bygda i indre Ryfylke.

Mange ting står på programmet. Dagen startar med kapproing over Suldalsvatnet i den gamle kyrkjebåten. Så er det barnetog, og så blir det servert betasuppe på samfunnshuset.

Bakka trur dei kan imponere sjåarane med det dei har å visa fram.

– Vanlegvis tenkjer me at 17. mai er Karl Johan i Oslo, men i år så trur eg det kjem til å bli Suldalsosen, seier Bakka.

TV-innslaga frå Suldalsosen vil vera del av ein seks timar lang sending som startar kl. 07:50 på NRK1.

I år skal NRK sende direkte frå Suldalsosen på 17. mai.

Sjå ein liten smakebit av det du kan vente deg i morgon.