NRK Meny
Normal

«Viss eg blir ordførar etter valet, vil eg...»

Tenk deg at du blei ordførar etter valet. Kva hadde du då gjort?

FABIAN STANG

Dette er ordførarkjedet til ordførar i Oslo, Fabian Stang. Kva ville du gjort om du var eigaren av ordførarkjedet i din kommune?

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det er to og ei halv veke til valdagen, måndag 12. september.

Valkampen er godt i gang og dei politiske partia driv ein iherdig kamp for å promotera dei viktige valkampsakene.

Men kva er det folk flest vil? Er rogalendingane like opptekne av bybane, Ryfast, kommunegrenser og betre vegar - slik som politikarar og mediefolk?

NRK Rogaland ba torsdag folk på Facebook om å fullføra setninga: «Viss eg blir ordførar etter valet, vil eg...»

Responsen har vore bra og her er nokre av svara:

Slått Forsand sammen med Strand, uten Hjelmeland.

Kjell Magnar Stangeland

Nulla ut kutta i skule og barnehage.

Truls Stem Rødt Impuls

Fått prestasjonsangst.

Inger Skjold

Sørga for at alle offentlege tilsette fekk gode og trygge arbeidsforhold, utan anbod og konkurranseutsetjing.

Heidi Bjerga

Stått på for å fått Haugesund og nabokommunane saman i ein kommune.

Knut Selsaas

Smilt og klyppa snorer.

Steinar Malmin

Følgd opp lovnadene om betre tilbod til dei eldre. Samtidig ville eg jobba for ein betre skule med større satsing på læring gjennom leik og fysisk aktivitet.

Barbro Ljung Njøten

Du kan lesa alle svara ved å gå inn på Facebook-sida til NRK Rogaland.

Einig eller ueinig? Kva ville du gjort dersom du hadde blitt ordførar etter valet? Skriv dei meining under!