– På denne skulen har me ein til to vasslekkasjar i året, fortel Sven-Erik Åkerman medan han syner fram forholda på Grøne Bråden skule.
Skulekjøkenet er blant romma som ber tydeleg preg av manglande vedlikehald.
– Det er ikkje topp moderne, nei, seier 14 år gamle Tobias Hetland.
Saman med Jonas Lindøe Tveida lager han muffins, grønsaksuppe og grove rundstykke på eit skulekjøkken i full oppløysing.
Fann asbest hos feiarane
– Me skulle hatt ei lita oppgradering, meiner Tveida.
– Ei stor, skyt Hetland inn.
– Det er gammalt, og i dårleg stand.
Etter asbestfunnet hos feiarane i Eigersund må kommunen kontakta tilsette heilt tilbake til 1989 for å gi tilbod om helsesjekk. Asbest er likevel berre ein av fleire alvorlege feil og manglar på kommunale bygg.
- Les òg:
Brannstasjon utan avsug og sprokken symjehall
Å ha store utgifter som følgje av etterslep på vedlikehald, er ikkje Eigersund åleine om. Ifølgje ein rapport som kom i fjor er dei samla vedlikehaldsutgiftene på kommunale bygg i Noreg oppe i 5 milliardar kroner i 2030.
- Les òg:
- Les òg:
Åkerman er avdelingsingeniør for bygg og eigedom i kommunen, og har saman med ei gruppe rekna ut at det vil kosta 180 millionar kroner å dekka etterslepet på vedlikehald.
Noko av det som hastar mest er den over 40 år gamle brannstasjonen, der Arbeidstilsynet har kritisert arbeidsforholda. Kvar gong ein av bilane startast, siv eksosen rundt i resten av bygget.
– Me manglar skikkeleg avsug. I dag har me hatt gang på tankbilen, og du kan kjenna korleis eksosen heng att lenge etterpå, seier tillitsvald for dei tilsette, Erik Larsen.
Også symjehallen, der vatn trenger inn i betongen og forårsakar korrosjon, hastar det å gjera noko med. Dessutan må dei som jobbar i bygget med asbestfunnet, ha nye lokale innan 2. mai.
I gang med ryddejobben
– Arbeidet med vedlikehald har ikkje vore systematisert godt nok. Det må me vera ærlege på, seier Åkerman.
Dei er nå i gang med ein systematisk gjennomgang av kva som må gjerast, og korleis dei kan driva smartast mogleg vedlikehald. Rådmannen har allereie fått fullmakt til å setja i gang med det aller viktigaste.
– Når nokon går i ein barnehage, på ein skule eller på jobb i kommunen, skal ein ikkje bli sjuk av å vera der. Det me må me berre ordna, seier ordførar Odd Stangeland (Ap).
Han seier kommunen i fleire år har måtta prioritera andre område enn vedlikehald, men at dei er godt i gang med ryddejobben. Politikarane har sett av meir til vedlikehald og tilsett fleire på bygg, og brukar også statlege pengar som kom då oljenedturen råka.