Hopp til innhold

Dette skjedde i natt

  • TRUGA VAKTER:

    Ein 20 år gamal mann er sett i arresten etter han truga vaktene på ein serveringsstad i Haugesund i natt. Mannen var rusa og kom i klammeri med vaktene før han kom med trugsmål.

  • KØYRDE AV VEGEN:

    Ein bil køyrde seint i går kveld av vegen ved Kvalavåg på Karmøy. Føraren skal ikkje ha blitt skadd. Politiet tok likevel personen til legevakta for blodprøvar, då dei mistenker promillekøyring.

  • INNBROT PÅ SKULE:

    Securitas har varsla politiet om mogleg innbrot på Bergeland vidaregåande skule på Storhaug i Stavanger. Alarmen gjekk då ei rute blei knust. Politiet er nå på staden for å sikra spor.

  • SLÅTT PÅ INDRE KAI:

    Ein 22 år gamal mann måtte i natt fraktast til legevakta etter han blei slått på Indre kai i Haugesund. Mannen fekk eit kutt i leppa. Politiet har teke ein 25 år gamal mann, som dei mistenker står bak ugjerninga.

Flere nyheter fra Rogaland