Hopp til innhold

Folk kler seg i brukt i jula

Ny julekjole kvart år eller den faste raude som heng klar i skapet? For første gong har Forbruksforskningsinstituttet SIFO forska på julekleda våre.

Charlotte Nordahl Liestøl - holder kjole - ser i kamera

MÅ VERE BRUKT: Charlotte Nordahl Liestøl er på jakt etter ein brukt julekjole.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Eg synest det er pyton å gå i butikken og finne noko, også liker eg å byte på grunn av miljøaspektet og fordi det er sosialt, seier Charlotte Nordahl Liestøl.

For Liestøl er det heilt uaktuelt å kjøpe nye juleklede. I staden byter ho med venninner.

Brukte klær

KLESBYTTEKVELD: Liestøl har bytt klede med venninner på såkalla klesbyttekvelder i ti år.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ho har tatt med seg mange posar med klede ho ikkje bruker lenger til bytekvelden hos ein venninne. I retur håper ho å finne ein julekjole.

Dei fleste går for brukt

Ingun Grimstad Klepp er ein av fleire forskarar bak ein rapport om juleklede som blir offentleggjort denne veka.

Forskaren har funne ut kva vi har på oss i jula og kor gamle kleda er.

– Det vanlegaste er å bruke juleklede som er mellom eitt og tre år gamle. 34 prosent svarer det, seier Klepp.

Ingun Grimstad Klepp meiner vi må kjøpe mindre klede for å dempe overproduksjonen.

SIFO-FORSKAR: Ingun Grimstad Klepp trudde fleire brukte bunad.

Foto: SIFO

1021 kvinner og menn har blitt spurde om fjorårets julepåkledning.

Jul i bunad

Undersøkinga viser at dei aller fleste av oss pyntar seg litt ekstra til jul. Men berre åtte prosent kjøper heilt nye klede. Dei fleste av dei som kjøper nytt antrekk til jul er kvinner mellom 18 og 34 år.

Dei som sjeldnast kjøper seg ny habitt til jul er menn og kvinner over 55 år.

Og to prosent feirar til og med jul i bunad.

– At fleire ikkje brukte bunad var kanskje litt overraskande. Men det er jo ikkje det mest praktiske på ein varm dag med mykje mat, seier Klepp.

Ikkje så flinke som vi trur

Gjenbruk kan bety fleire ting; at vi bruker kleda våre fleire gonger, eller at vi kjøper eller får brukte klede i staden for å kjøpe nye.

Christian Klöckner er professor i sosialpsykologi på NTNU. Han seier at nordmenn er veldig flinke til å gi bort brukte klede og at vi har vorte flinkare til å kjøpe brukt.

Men det betyr ikkje at vi kjøper mindre nytt.

Psykolog Christian Klöckner

PROFESSOR I SOSIALPSYKOLOGI: Christian Klöckner seier vi ikkje er flinke på gjenbruk.

Foto: Azar Ebrahimi / NRK

– Akkurat no kjem bruktkjøpa i tillegg til at vi kjøper nytt, så vi kjøper endå meir klede fordi vi kjøper både brukte og nye, seier Klöckner.

Nye klede er billege

Klepp meiner pris og rikdom er viktige årsaker til kvifor vi kjøper så lite brukt.

– Veldig mykje av kleda som blir gitt til gjenbruk blir eksporterte frå Noreg. Det er dobbelt så vanleg å få, som å kjøpe brukte klede. Det er fordi vi er ganske rike og klede er ganske billege, seier ho.

Brukte klær

KLESBYTTEKVELD: Liestøl har bytt klede med venninner på såkalla klesbyttekvelder i ti år.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Charlotte Nordahl Liestøl prøver å vere bevisst på å kjøpe minst mogleg nytt.

– Eg kjøper noko nytt, men på langt nær så mykje som før, seier ho.

I armane har ho ein haug med klede som akkurat er prøvde på.

Ein raud kjole ligg mellom andre bruktfunn.

– Eg fann ein kjole, men han er litt for oransje for jul, men då får eg heller gå på Fretex, seier ho.