Hopp til innhold

Ny rapport: Kyrkjene fekk 100 millionar kroner ekstra i straumutgifter

I ei fersk undersøking svarer nesten halvparten av fellesråda at det kan bli aktuelt å stenge kyrkjebygg i 2023.

Madlamark kirke i Stavanger

Fleire kyrkjer har fått høge straumrekningar det siste året. Ei undersøking gjort i vinter viser at situasjonen er urovekkande, meiner organisasjonen KA. Bildet viser Madlamark kyrkje i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Mens vårens konfirmasjonar og sommarens bryllaup står for tur, balar kyrkjene framleis med høge utgifter til straum.

– Mange fekk sjokk i desember og gjekk inn i 2023 med ein utfordrande situasjon. Det er framleis krevjande, seier seniorrådgjevar Martin Stærk i KA, arbeidsgivarorganisasjonen for kirkelege verksemder.

Ei fersk og omfattande undersøking gjort av KA viser korleis straumkrisa har ramma Den norske kyrkje.

Undersøkinga blei gjort blant fellesråda i januar og februar. På bakgrunn av tala som kjem fram, har KA estimert dei ekstra kostnadane som kyrkja har hatt til straum:

100 millionar kroner i ekstra utgifter i 2022 samanlikna med 2019.

– Det er eit høgt tal. Det er krevjande med så høge prisar, seier Stærk.

Har tatt av eigenkapitalen

Undersøkinga viser også at 32 fellesråd (22 prosent) har brukt til saman 7,6 millionar kroner frå fond til å betale straumrekninga.

– Dette er eigenkapital som kyrkjene hadde andre planar for. Utvikling av drifta blir sett på vent, folk blir ikkje tilsett i ledige stillingar og kyrkjebygg blir ikkje halde ved like. Alt dette påverkar kyrkjelydslivet, seier Stærk.

Martin Stærk, seniorrådgiver i KA

Seniorrådgjevar Martin Stærk i KA.

Foto: KA

I Sandnes fortel kyrkjeverje Andreas Eidsaa Jr. at straumrekninga har gått frå rundt 1,3 millionar kroner til rundt 3 millionar kroner.

– Det er ei signifikant auke. Vi har skrudd ned temperaturen i kyrkjene og investert i fleire varmepumper. Vi kjempar aktivt for å knipe inn der vi kan, seier han.

Eidsaa meiner dei har vore heldige fordi dei har fått pengestøtte frå Sandnes kommune.

– Det har redda oss frå ei krise.

Andreas Eidsaa jr.

Kyrkjeverje Andreas Eidsaa Jr. i Sandnes.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Forventar meir frå regjeringa

I november fekk kyrkjene ein eingongsstønad frå regjeringa, som sikra varme kyrkjebenkar i jula.

Men på nyåret fekk fleire bakoversveis då straumrekninga kom på bordet. I Sauda fekk dei til dømes ei rekning på 133.000 kroner.

Heile 63 fellesråd (43 prosent) svarer i undersøkinga at det kan bli aktuelt å stenge kyrkjebygg i 2023. 46 fellesråd (31 prosent) vurderer nedbemanning eller å ikkje tilsetje når dei får ledige stillingar.

– Vi forventar at departementet vurderer saka vidare. Vi vil ha ein meir direkte form for straumstøtte, seier Stærk i KA.

Les også: Stenger kirkene – begravelser må flyttes

Kirkeverge i Vestre Toten Gunnstein Endal
Kirkeverge i Vestre Toten Gunnstein Endal

Ingen planar om meir støtte

Men barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har ingen planar om å sende meir pengar til kyrkjene med det første.

– Departementet og eg har hatt fleire møter med KA og Kyrkjerådet der høge straumrekningar har vore tema. Dei skal vere trygge på at eg tek spørsmålet på alvor, seier Toppe.

Men:

– Det er ikkje vedtatt nokon ny statleg straumstøtteordning på nåverande tidspunkt.

Kjersti Toppe

Statsråd Kjersti Toppe.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Toppe meiner det er viktig at fellesråda gjer det dei kan for sikre eit godt tilbod for innbyggarane.

– Utgiftene til drift av kyrkjene er kommunane sitt ansvar. Vi må likevel erkjenna at det i mange kommunar er krevjande å prioritere mellom ulike tenester, seier ho.