Hopp til innhold

Dette har PR-millionane gått til

Trass mykje ris frå politikarane forsvarar direktøren for bybanekontoret at dei har betalt fleire millionar offentlege kroner til eit PR-byrå. Her får du den fulle oversikta over kva dei fem millionar kronene har gått til.

PR-utgifter frå Bybanekontoret

HAR FAKTURERT FOR FEM MILLIONAR KRONER: NRK har gått gjennom alle rekningar bybanekontoret har betalt til PR-byrået Burson-Marsteller. Totalt har PR-byrået fakturert det offentlege kontoret for fem millionar kroner.

Foto: Mathias Oppedal / NRK/Bybanekontoret

NRK kunne i går fortelja at kontoret som skal jobba med bybaneløysing for Nord-Jæren, eit kontor som er oppretta av Rogaland fylkeskommune, har betalt om lag fem millionar kroner til eit PR-byrå på berre eitt år.

Fylkespolitikarar, også dei som er tilhengjarar av bybanen, stod etterpå i kø for å visa at dei tok avstand frå denne pengebruken.

Mellom anna er ei av tenestene bybanekontoret betalar for ein naudtelefon dei kan ringa om dei får det for tøft med pressa.

Forsvarar pengebruken

Trass kritikken gjekk prosjektdirektøren for bybanekontoret, Georg K. Gundersen, ut og forsvarte pengebruken. Han meiner også at tala til NRK er misvisande sidan dei inkluderer meirverdiavgift.

I løpet av det siste året har kommunikasjon både eksternt og internt og i forhold til ei rekke ulike målgrupper vore svært viktig og av eit mykje større omfang enn det vi opphavleg hadde føresett. Arbeidet med dette har vore så omfattande at vi har måtta nytte eksterne ressursar i tillegg til vår eigen kommunikasjonsansvarlege. Dette er heilt i samsvar med måten vi har jobba med alle oppgåver. Som prosjektkontor er det avgrensa kva for ein kompetansen som kan dekkast inn med fast tilsette. For alt vårt arbeid har derfor innsatsen vore forsterka gjennom innkjøpte konsulenttenester, seier Gundersen til NRK.

Løpande rådgjeving

I lista over alle fakturaene bybanekontoret har betalt, kjem det klart fram at det meste av pengane har gått til den løpande rådgjevinga.

– Konkret har vi på kommunikasjon blant anna jobba med monitorering av nyheitsbilete, analyse, vurdering av kva for saker vi eventuelt skulle kommentera, blant anna på vår nettstad. Dette har gjort at vi har kunne oppklara misforståingar og forklare på en betre måte kva en bybane er, og korleis dette skal utviklast i vår region, seier han.

Sjå alle beløpa Burson-Marsteller har fakturert bybanekontoret her:

PR-pengane i bybaneprosjektet

Dato

Kommentar

Beløp

 

 

Totalbeløp inkludert moms: 4.916.000 kr

08.11.11

Honorar løpende rådgivning oktober 2011, oppstartsmøte/signering, workshop, løpende rådgiving, faste møter og administrasjon

314.709 kr

30.11.11

Honorarer løpende rådgivning november 2011 og honorarer medietrening i henhold til avtale

291.666 kr

04.01.12

 Honorarer løpende rådgivning desember 2011

 109.222 kr

17.02.12

 Honorarer løpende rådgivning januar 2012

 161.344 kr

29.02.12

 Honorarer løpende rådgivning februar 2012

 163.648 kr

16.04.12

 Honorarer løpende rådgivning mars 2012 og abonnement Stavanger Aftenblad

 153.033 kr

16.05.12

 Honorarer løpende rådgivning april 2012 og bybaneundersøkelse fra Norstat

 310.000 kr

30.05.12

 Honorarer arbeid med informasjonspakke

 375.000 kr

31.05.12

 Honorarer løpende rådgivning mai 2012

 506.938 kr

30.06.12

 Honorarer løpende rådgivning juni 2012

 306.533 kr

31.08.12

 Honorarer med informasjonspakke

 187.500 kr

05.09.12

 Honorarer løpende rådgivning juli og august 2012

 492.491 kr

30.09.12

 Honorarer løpende rådgivning september 2012

 417.529 kr

29.10.12

 Honorarer arbeid med informasjonspakke

 225.000 kr

31.10.12

 Honorarer løpende rådgivning september og oktober 2012, bybaneundersøkelse fra Norstat

 823.963 kr

Ekspander/minimer faktaboks

(Lista visast ikkje på mobilversjon.)

Rekning på over 800.000 kroner

REKNING: Her er ei av rekningane PR-byrået har sendt til Rogaland fylkeskommune, ved bybanekontoret. Over 800.000 kroner for løpande rådgjeving over to månader og ei bybaneundersøking utført av Norstat.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Må tåle kritikk

Står du framleis inne for at dette har vore god pengebruk?

– Bybanekontoret har hele tida gjort sitt yttarste for behandla eit stort og viktig prosjekt på best mogleg måte. Dette gjeld både dei ingeniørmessige forhalda, og dessutan dette med å bringe ein open, god og korrekt informasjon til alle som blir berørt av saka, seier Gundersen.

Forstår du at fleire politikarar reagerer på pengebruken?

– Vi må tåle kritikk og grundig gjennomgang av jobben vi gjør. Vi har derfor forståing for at det kjem reaksjonar, og vi vil søke å ta hensyn til dette vidare, seier Gundersen.