Hopp til innhold

Slik har koronaåret vist igjen på kassalappen

Salet av strømpebukser gjekk ned, medan kål og mjøl har blitt ein slager. Slik har handlevanane våre endra seg under koronapandemien.

Mjøl, franske og gjær

Me kjøper meir mjøl og tørrgjær. Og så har me også vore gode til å kosa oss under pandemien.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det har gått eitt år sidan handlevognene var fylte til randa med dopapir. Tørrgjæren blei riven vekk. Hyllene var tomme for hermetikk.

Det likna dommedag på Coop Obs.

Hugsar du korleis det var i mars i fjor?

Ingvild Winterstø, butikksjef Coop Obs Mariero

Ingvild Winterstø er butikksjef på Coop Obs på Mariero.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det gløymer eg aldri. Det var «heise». Det berre rann inn med folk, seier butikksjef på Coop Obs på Mariero i Stavanger, Ingvild Winterstø.

– Det var kjekt på ein vond måte, viss det går an å seia.

Dei selde så mykje tørrgjær i mars, at det var først i august at det blei fullt i hyllene igjen.

Folk hamstra berre i starten av pandemien. Det roa seg fort.

Men mange av oss handlar nå på ein annan måte og andre ting enn det me gjorde før mars 2020.

Hamstring under korona

Det var tomt for dopapir i fleire butikkar i mars i 2020. Men hamstringa vara ikkje lenge.

Foto: CAMILLA H. WERNERSEN / NRK

Me handlar sjeldnare – men meir

– Nordmenn har vore kjende for å handla ofte i daglegvarebutikkane, seier Kine Søyland, pressesjef i Norgesgruppen.

Dei har om lag 1800 daglegvarebutikkar rundt om i heile landet, og dei har sett at folk endrar handlemønster etter kor mykje smitte det er lokalt.

Kine Søyland, kommunikasjonssjef i NorgesGruppen

Kine Søyland er pressesjef i Norgesgruppen.

Foto: NorgesGruppen

– Er det tøft smittetrykk så handlar folk sjeldnare og meir, er det lettare smittetrykk går me fort tilbake til gamle vanar og handlar ofte, seier Søyland.

I Coop har dei også sett at det er fleire kundar med større haugar på handlevognene under pandemien.

– Me handlar sjeldnare, men me handlar meir, seier Dag Ove Aksland, som er regiondirektør i Coop.

I 2020 hadde norsk daglegvare ein historisk høg vekst på 17 prosent, ifølge tal frå analysebyrået Nielsen IQ.

Auken var størst etter at pandemien ramma Noreg.

Dag Ove Aksland

Dag Ove Aksland er direktør for region vest i Coop.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Svenskegrensa er stengd, me reiser ikkje på ferie. Alle måltid et me heime og all maten blir handla i norske daglegvarebutikkar. Så det er klart at me også ser det på omsetninga hos oss, seier Søyland i Norgesgruppen.

Me kjøpar mat som held lenge

Me er mykje heime. Og det viser igjen på kassalappen på fleire måtar.

Då det var få konfirmasjonar og bryllaup i fjor vår, gjekk salet av strømpebukser og stylingprodukt ned, fortel regiondirektøren i Coop.

– Me selde 30 prosent færre strømpebukser i april og mai, seier Aksland.

Men elles har me kjøpt meir av det meste.

– Me har til dømes selt meir kaffi, fordi folk må drikka kaffi på heimekontor.

Og så har det blitt populært å kjøpa mat som held lenge.

– Ikkje nødvendigvis hermetikk, som me kjøpte heilt i starten, det trur eg folk fort skjønte at ikkje var nødvendig. Men likevel har me det nok i bakhovudet at me vil ha varer som held lenger, som frysevarer, seier pressesjefen i Norgesgruppen.

I Norgesgruppen gjekk salet av djupfrosen mat opp med 18 prosent i 2020.

Det kjenner Phatcha Pokham seg igjen i, ho er på handel på Obs i Stavanger.

– Eg kjøper meir frysevarer, eg gjorde det litt før og, men ikkje så mykje som nå, seier ho.

Phatcha Pokham er ute på handel

Phatcha Pokham er ute på handel. Ho har kjøpt fleire frysevarer etter pandemien ramma Noreg.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Me lagar meir mat heime

Men ferske grønsaker går også unna. Grønsaker som me brukar til å laga middagar frå botn av.

– Me sel til dømes 20 prosent meir kål enn me har gjort tidlegare. Og poteter, typiske matlagingsgrønsaker, seier Søyland.

Salet av grønsaker har gått opp også i Coop og Aksland trur det er fleire som legg ein ekstra innsats i middagane heime nå.

– Folk kjøper god mat. Gode kjøtstykke. Eg trur også at folk bruker meir tid på matlaginga.

Og sjølv om salet av tørrgjær ikkje har kome opp i same volum som i mars i fjor, er det tydeleg at folk framleis baker.

– Me har aldri selt så mykje mjøl som i fjor. Eg håpar at det held fram, at folk baker meir og at trenden varer, seier butikksjefen på Obs i Stavanger.

Og me kan kosa oss...

– Me handlar gjerne litt meir av sånn kosemat nå enn me gjorde før, ikkje sant Vigdis?

Ekteparet Helge og Vigdis Koch, som me møter på Obs-butikken, er ikkje åleine. Me har vore flinke til å kosa oss litt ekstra under pandemien.

– Me er vanvitig flinke til å kosa oss, seier Aksland.

Både deira og Norgesgruppen sine tal viser at det også har hamna meir av det søte i handlevognene under pandemien.

– Eg har merka det eg og. Det blir meir heimekos, og så synest eg synd på ungane som ikkje kan gjera det same som før, seier kunde på Obs, Phatcha Pokham.

Ekteparet Helge og Vigdis Koch

Ekteparet Helge og Vigdis Koch må innrømma at det har blitt litt meir kosemat under pandemien.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Men kva vil bli ståande?

Me har handla på ein annan måte i ei annleis tid. Kva som blir ståande når pandemien ein gong er over, er uvisst.

Aksland håpar gode middagar og gode samtalar rundt bordet har kome for å bli.

– Eg håpar det blir med vidare, at me lagar mat saman og nyt maten saman i heimane.