Hopp til innhold

Dette gir håp for privat-ferje over Høgsfjorden

13 år med privat ferjedrift mellom Osterøy og Bergen gir håp for dei som kjempar for privatferje mellom Lauvvik og Oanes etter Ryfast-opninga i 2019.

Ole Bull

Ferja «Ole Bull» trafikkerer i dag mellom Breistein og Valestrand i Hordaland. Osterøy ferjeselskap har hatt privat ferjedrift her sidan 2004.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Dette minner veldig om slik det var her på Osterøy, kommenterer Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll (KrF).

Ordføraren i Hordaland meiner det er gode grunnar til å samanlikna Osterøy kommune med Forsand og Ryfylke i Rogaland.

I 1997 fekk kommunen nord for Bergen sitt fastlandsprosjekt, Osterøybrua. I 2019 får Ryfylke fastlandsprosjektet Ryfast.

– Konfliktane roa seg

Jarle Skeidsvoll

Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll (KrF).

Foto: Leif Rune Løland

Mellom Osterøy og Bergen har det også vore privat ferjedrift sidan 2004, noko det også blir jobba for over Høgsfjorden når både Tau- og Høgsfjordsambandet etter planen skal leggast ned.

– Me har sett at det er mogleg å ha to parallelle samband. Det var ein del konfliktar i starten mellom dei som meinte at det å behalda ferja ville stela bompengar og forlenga nedbetalingstida for brua. Men over tid har dette roa seg, seier Skeidsvoll.

Sommaren 2015 blei brua nedbetalt og ferja går framleis.

– Kva fordelar er det med eit privat ferjesamband i tillegg til brua?

– Det eine handlar om beredskap. Nå har me to vegar ut av Osterøy dersom noko skulle skje med brua. For ein del går det også raskare å ta ferja, i tillegg til at det går ein del kollektivtrafikk via ferjesambandet.

– Meir positive

Ole Tom Guse

Pressetalsmann i Høgsfjord rutelag, Ole Tom Guse.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

NRK har også vore i kontakt med Osterøy ferjeselskap som trafikkerer sambandet
Breistein-Valestrand i Hordaland.

Dei vil ikkje bli intervjua om saka, men opplyser at drifta går fint rundt og at nedgangen i ferjetrafikken berre var på tre prosent etter at Osterøybrua blei bompengefri.

Dei viser også til at trafikkgrunnlaget bør vera langt betre i Høgsfjordsambandet. Det er tilbakemeldingar som fell i god jord hos pressetalsmannen i Høgsfjord rutelag, Ole Tom Guse. Dei jobbar for privat ferjedrift mellom Lauvvik og Oanes.

– Dette er tilbakemeldingar som gjer oss trygge på at me er på rett veg. Me har hatt god dialog med Osterøy ferjeselskap. Dei har gått først og hausta ein del erfaringar. Me er meir positive etter samtalar med dei enn me var før.

– Bør vurdera nøye

Ordføraren i Osterøy gir desse råda til dei som jobbar for privat ferjedrift over Høgsfjorden:

– Ein bør gå nøye inn i dette og spesielt sørga for at det er økonomisk grunnlag for å opretthalda eit ferjesamband utan offentleg stønad.

I dag fraktar ferja mellom Osterøy og Bergen om lag 180.000 personbilar årleg. 916.000 køyretøy er den årlege trafikken over Høgsfjorden, ifølge Norled.