Hopp til innhold

Dette er verdas beste utkikkspunkt

... i alle fall om ein spør Lonely Planet.

Preikestolen

PREIKESTOLEN: Lonely Planet slår fast at Preikestolen i Rogaland er eit betre utkikkspunkt enn både Victoria Falls i Afrika og Grand Canyon i Nord-Amerika i ny bok.

Foto: Olaf Erlend Gundersen / NRK

I den nylanserte Lonely Planet boka «Lonely Planet's 1000 Ultimate Sights» blir Preikestolen kåra til verdas beste utkikkspunkt.

Boka er full av topp ti lister med alt frå vulkanar til dei mest underhaldande paradane.

Det er i kategorien utkikkspunkt at den stupbratte fjellkanten i Lysefjorden har lagt kjende turistattraksjonar som Victoria Falls i Afrika og Grand Canyon i Nord-Amerika bak seg.

– Ser oss nok blinde på det me har

– Dette er veldig bra. Det er alltid kjekt med merksemd rundt naturen, seier Ole Tom Guse som er ordførar i Forsand kommune.

Han seier at kåringa som Aftenbladet skriv om i dag kom som ei overrasking på han:

Ole Tom Guse

OLE TOM GUSE: KrF-ordførar i Forsand kommune Ole Tom Guse hadde ikkje venta at Preikestolen skulle bli kåra til verdas beste utkikkspunkt.

Foto: KrF, Olav Eggebø Aanonsen

– Sjølv ser me oss nok blinde på det me har. Eg trudde ikkje me kunne vinna sidan det finst så mange andre bra utkikkspunkt i verda, seier han.

Også på reiselivssenteret Lysefjordsenteret på Oanes gler dei seg.

– Dette er veldig flott! Dette sett verkeleg Lysefjorden på verdskartet, seier dagleg leiar Inger Maria Johannessen.

Håper turistane får augo opp for heile fjorden

Kvar dag får ho e-postar frå turistar som har spørsmål om korleis dei skal koma seg til Preikestolen. Nå håper ho at turistane kan få auga opp for heile Lysefjorden og ikkje berre Preikestolen.

– Kvart år kjem over hundre tusen personar for å sjå Preikestolen, det er mykje anna flott å sjå her, seier Johannessen.

Ordføraren trur på si side ikkje at kåringa får den store marknadsføringseffekten, sidan Preikestolen allereie er så godt kjent.

– Dessutan er det nok bloggar, YouTube, Twitter og andre slike nettstader som i dag har den største marknadsverdien for oss, seier Guse.