NRK Meny
Normal

Dette er valet i Vindafjord

Her er sakene politikarane i Vindafjord er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Vindafjord slå seg saman med Suldal, Sauda og Etne?

Ni år etter at Vindafjord og Ølen vart til ein kommune, er spørsmålet om kommunesamanslåing igjen aktuelt. Det står mellom fleire alternativ; ein storkommune på Haugalandet, ei samanslåing med kommunane Suldal, Sauda og Etne, eit samarbeid med Bokn og Tysvær, eller at Vindafjord rett og slett skal bli ståande åleine.

Bør elevane på skulane Imsland, Bjoa og Vik flyttast til større skular?

Forkjemparane for ei endring av skulestrukturen i Vindafjord meiner at desse skulane er for små, og at ein difor både kan spare pengar og tilby elevane eit betre pedagogisk tilbod om elevane blir flytta til større skular. Motstandarane hevdar derimot at skulevegen då vil bli for lang, og at det vil få negative konsekvensar for bygdene.

Bør Vindafjord ta imot fleire flyktningar?

I fjor tok Vindafjord imot sju flyktningar, det er 18 færre enn dei blei bedne om. Dei mange flyktningane som kjem frå Syria, gjer at enkelte meiner at Vindafjord bør seie ja til fleire. Motargument er at det er kostbart, og at det er vanskeleg å skaffe nok bustader.

Bør butikkane i Vindafjord ha opent på sundagar, om Stortinget tillèt det?

Bør det leggast til rette for meir industriell aktivitet i Yrkefjorden?

I dag driv AF Decom opphogging av gamle oljeplattformer på land, men ønsker å utvide til også å hogge opp ute i fjorden. Dei som vil seie ja, meiner det er viktig å støtte opp om ein stor arbeidsplass. Motstandarane fryktar forureining av fjorden.