NRK Meny
Normal

Dette er valet i Time

Her er sakene politikarane i Time er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør elevane på ungdomstrinnet på Undheim skule flyttast til Lye ungdomsskule?

Dette er ei sak som også tidlegare har blitt diskutert i kommunestyret, og som kan kome opp igjen i neste periode. Argumentet for er at talet på elevar på ungdomstrinna er for lågt, og at elevane kan få eit betre pedagogisk tilbod om dei blir flytta til Lye. Argumentet mot er at dette vil få store konsekvenser for Undheim-bygda.

Bør den framtidige bustadutbygginga i Time skje på Lyefjell?

Lyefjell er eitt av få område i Time der ein kan byggje bustader utan at matjord går tapt. Difor meiner enkelte at det er i dette området bustadutbygginga må skje i framtida. Andre meiner det er betre å byggja meir sentralt, mellom anna i Bybåndet Sør.

Bør det byggast fleire parkeringsanlegg i Bryne sentrum?

Fleire innbyggjarar og auka handel gjer at enkelte meiner at det er for få parkeringsplassar i Bryne sentrum. Dei som ynskjer fleire parkeringsplassar på Bryne, føreslår nye parkeringanlegg ved stasjonen, på kinoplassen, og under bakken på Geitahodnet. Dei som er imot meiner at ein heller skal satse på å få folk til å reise kollektivt og sykle meir.

Bør Time slå seg saman med minst ein av nabokommunane?

Kommunesamanslåing vil bli ei aktuell problemstilling i neste periode. Det er fleire alternativ som kan vera aktuelle for Time. Eit er å slå seg saman med Klepp og Hå, eit anna er å slå seg saman med berre Klepp, eit tredje er å bli ståande aleine.

Bør alle butikker i Time få halde opent på sundagar, dersom Stortinget tillèt det?