Hopp til innhold

Dette er valet i Sauda

Her er sakene politikarane i Sauda er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Sauda redusera talet på barneskular i kommunen?

Sauda har i dag tre barneskular, Risvoll, Austarheim og Fløgstad. Elevtala ved skulane er for låge, meiner nokre, og talet på skular bør difor reduserast for å spare pengar, og for å gi elevane eit betre pedagogisk tilbod. Motargumentet er at ungane bør få gå på skule i sitt nærmiljø.

Bør Sauda bestå som eigen kommune?

Spørsmålet om kommunesamanslåing er aktuelt i heile landet. For Sauda kan det stå om fleire alternativ. Skal Sauda slå seg saman med nabokommunane Suldal, Vindafjord og Etne? Eller skal kommunen vera slik den er i dag?

Bør bør alle butikkar som ynskjer det få halde opent på sundagar, dersom Stortinget tillèt det?

Må Sauda ta imot fleire flyktningar?

Sauda tok i fjor imot 10 flyktningar. Den store flykningestraumen som kjem frå Syria gjera at fleire parti har ytra at Norge må ta imot fleire. Argumentet mot er at det vil bli ein økonomisk belastning for kommunen.

Bør Sauda opne for at private kan drifte fleire av dei kommunale tenestene?

Tilhengarane av konkurranseutsetting meiner private kan drive mange tenester betre og billegare enn kommunen gjer i dag. Det er ikkje motstanderne samde i, og dei er også redde for å miste styringa over desse tenestene.