NRK Meny
Normal

Dette er valet i Forsand

Her er sakene politikarane i Forsand er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Forsand prioritere arbeidet for å behalda ferjedrifta over Høgsfjorden?

Stortinget har vedteke at ferja over Høgsfjorden skal leggjast ned når Ryfast, fastlandssambandet mellom Strand og Stavanger, opnar i 2019. Etter å ha kjempa lenge for ferja, har Forsand kommunestyre vedteke å prioritere arbeidet for tunnel mellom Espedal og Frafjord. Men nokre vil framleis kjempe for at ferja skal halde fram, i alle fall til tunnelen Espedal-Frafjord er på plass.

Bør Forsand slå seg saman med Strand og Hjelmeland?

Strand, Hjelmeland og Forsand kommunar er i samtalar om å slå seg saman. Nokre meiner at Forsand i staden bør sjå mot Sandnes og Gjesdal, særleg dersom det lukkast å få framleis ferjedrift over Høgsfjorden. Andre igjen meiner at Forsand vil klara seg best som eigen kommune.

Bør buplikta i Forsand opphevast?

Buplikt, såkalla 0-konsesjon, betyr at den som kjøper hus i kommunen, må busette seg der fast. I Rogaland er det nå berre Forsand og Kvitsøy som har 0-konsesjonsgrense. Tilhengjarane av buplikt fryktar at det blir vanskeleg for unge å sleppa til på bustadmarknaden dersom heilårsbustader blir gjort om til fritidsbustader, medan motstandarane meiner det er betre at husa blir brukte i feriane enn at dei blir ståande tomme heile året.

Bør Forsand kommune gje økonomisk støtte til nybygg eller ombygging til bønder som vil satsa på sau?

Landbruk er den største næringa i Forsand. Eit eige prosjekt etter mønster frå Sirdal med mellom anna økonomisk støtte til nybygg eller ombygging, kan leggje betre til rette for sauenæringa, meiner nokre.

Bør alle butikkar som ønskjer det, få halde ope på vanlege sundagar, dersom Stortinget gir høve til det?

Bør Sandindustrien i Forsand få utvida på Hestamoen?

Uttak av sand er ei viktig næring i Forsand. Om ein del år blir dei areala næringa nyttar i dag, oppbrukte, og det finst planar om utviding. Nokre er imot fordi det kan gå utover jordbruksareal og eksisterande bustader, medan andre meiner utviding er naudsynt for å sikre arbeidsplassane.