- LES OGSÅ:
Bør Finnøy bli ein bydel i Stavanger?
Andre alternativ for Finnøy er å fortsetja som eigen kommune eller å gå saman med ein eller fleire av Randaberg, Kvitsøy og Rennesøy. Tilhengjarane av Stavanger argumenterer med at Finnøy er blitt ein del av ein felles bustad- og arbeidsmarknad på Nord-Jæren, særleg etter at Finnfast opna. Motstandarane er redde innbyggjarane vil tape mykje på å bli utkant i ein så stor kommune.
- LES OGSÅ:
Bør mellomtrinnet på Ombo, Stjernarøy og Fogn flyttast til sentralskulen på Judaberg?
Skulen på Halsnøy er allereie lagt ned, og nå er vurderinga om det same skal skje med 4. til 7. klasse ved dei andre grendeskulane. Bakgrunnen er at kommunen må spare pengar, men også at større skular kan gi betre læringsmiljø. Andre trur framlegget er første skritt til full nedlegging av skulane, og meiner dei trengst for å halda liv i lokalsamfunna på øyane.
Bør bygginga av fleire sjukeheimsplassar på Judaberg starte no?
Sjukeheimen på Judaberg er full. Difor bør arbeidet med å skaffe fleire plassar starte no, meiner nokre. Andre meiner det er tid til å vente fordi den store auken i talet på eldre først kjem om nokre år.
Bør Finnøy ta imot fleire flyktningar?
. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet har bede kommunen ta imot 30 flyktningar i perioden 2014 til 2016. Kommunen har sagt ja til 20, og 12 av desse har kome eller kjem dette året.
- LES OGSÅ:
Bør Finnøy tillate at fleire butikkar enn i dag held ope på sundagar, dersom Stortinget skulle gje høve til det?
- ALT OM: Søndagsåpne butikker
- LES OGSÅ: Går i sitt første tog mot søndagsåpent