Hopp til innhold

Dette er valet i Bokn

Her er sakene politikarane i Bokn er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør Bokn slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar?

Også for 8 år sidan vurderte Bokn kommunesamanslåing. I ei folkerøysting sa då eit stort fleirtal nei til å gå saman med Tysvær kommune. Nå er spørsmålet aktuelt på nytt. Blant alternativa til å halda fram som i dag, er samanslåing med berre Tysvær, med Tysvær og Karmøy eller ein storkommune på Haugalandet.

Må ein ny firefelts E39 gjennom Bokn leggjast utanom eksisterande tettstader?

Rogfast, den undersjøiske tunnelen som skal erstatta ferja over Boknafjorden, skal etter planen opne i 2024. I samband med det skal E39 utvidast til fire felt gjennom Bokn. Nokre ønskjer då å byggje heilt ny veg lenger sør enn der vegen ligg i dag. Det vil spare tettbygde strok for støy, men vil trengja store areal som elles kunne bli brukt til ny næringsverksemd.

Bør Bokn ta i mot flyktningar?

Ingen flyktningar er i dag busette i Bokn. Kommunen blei beden om å ta imot åtte flyktningar i 2014 og seks i 2015, men har svart nei. Også for 2016 er kommunen beden om å ta imot seks flyktningar. Motstandarane meiner kommunen med 850 innbyggjarar er for liten til å gje flyktningane eit tilbod, medan tilhengjarane meiner Bokn bør ta sin del av ansvaret når fleire tusen som har fått opphald i Noreg ventar i asylmottaka.

Bør alle butikkar som ønskjer det, få halde opent på vanlege sundagar, dersom Stortinget tillèt det?

Bør Bokn delta i eit interkommunalt samarbeid om brann- og redningstenesta?

Kommunane på Haugalandet diskuterer om dei skal gå inn for ei felles brann- og redningsteneste. I dag har Bokn ein brann- og redningsbil stasjonert i kommunen og eit frivillig brannmannskap. Når Rogfast, den undersjøiske tunnelen under Boknafjorden, etter planen opnar i 2024, blir det enda viktigare med god beredskap med kort utrykkingstid til veganlegget.