Normal

Desse skal kjempa om Oslo-billett

Riska ungdomsskule var dei einaste som klarte full pott i innleiingsrundane. Dei andre tre semifinalistane var gode på å gjetta vekta på ein stein.

Semifinalistane i Rogaland 2017

SEMIFINALISTANE: Dette er semifinalistane frå Rogaland i årets Klassequiz. (Oppe frå venstre: Ingvild Rønning Buvik, Julie Birkeland, Sigurd Westermoen Kristiansen, Mikal Haugeland Aasberg, Olaf Taule, Ane Gui-Puntervoll. Nede frå venstre: Christiane Øvrebø, Joakim Neresen, Synne Alsaker, Odin Vankan, Selina Lea, Alf Erik Høyland og Ole Martin Folkvord Bjelland)

Foto: NRK

Dei innleiande rundane i Klassequizen 2017 for Rogaland blei i dag avslutta, og endeleg kunne ein kunngjera kva fire lag det er som går vidare til semifinalane.

Som det einaste laget med tolv poeng tok Riska ungdomsskule den første semifinaleplassen. Det var heile ti lag med elleve poeng, så her var det laga som hadde best gjetta vekta på den såkalla «Klassequiz-steinen», som gjekk vidare.

Klassequiz-steinen

Denne steinen på 2,263 kilo blei viktig for å avgjera kva tre lag av alle 11-poeng-laga som skulle vidare til semifinalen. Lagård ungdomsskule var nærmast, dei tippa at steinen var 2,290 kilo.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Begge semifinalen blir sendt på NRK Rogaland si ettermiddagssending i radioen i 14.30-tida.

Den første er på måndag 27. mars mellom:

  • Riska ungdomsskule (12 poeng)
  • Lurahammaren ungdomsskule (11 poeng / 201 gram unna riktig vekt på steinen)

Den andre er onsdag 29. mars mellom:

  • Lagård ungdomsskole (11 poeng / 27 gram unna riktig vekt på steinen)
  • Austbø skole (11 poeng / 163 gram unna riktig vekt på steinen)

Sjå bilete av alle deltakarane i Klassequizen 2017 Rogaland:

Hinna skole i Klassequizen
Foto: Ole Andreas Bø / NRK