Hopp til innhold

Dette er nøkkelen til grill-suksess

Påskeferie er for mange starten på ein etterlengta grillsesong, og følger du råda frå ekspertane så kan svidd pølse byttast ut med herremåltid!

Kokk David Rivas griller som han har lært av sin svigerfar fra Uruguay.

God tid og låg temperatur er det som skal til for topp resultat på grillen ifølge ekspertane. (FOTO/RED Erik Waage)

– Grilling er ein av dei eldste metodane me bruker for å tilbereda mat, og det har kome mange fleire typar grilling i det siste, alt frå american barbecue smoker til vanlege kulegrill.

Kokk Magne Christensen fra Gastronomisk institutt demonstrer eit utvalg av griller i samband med oppstart av eit nasjonalt grillsenter i Stavanger.

Han meiner likevel ikkje det er naudsynt med avansert utstyr for fantastisk resultat. Det einaste du treng er å smøre kjøtet med fukt og smøre deg sjølv med tålmod.

Nøkkelen er nemleg å bruke god tid...

Denne feilen er veldig vanleg

– Ved å bruke for høg temperatur så har ein ikkje kontroll, me som er kokkar har det litt i fingrane. Me ser og høyrer kva som skjer, og veit når kjøtet eller fisken er ferdig.

Entrecôte med gorgonzolasmør
Foto: Tone G. Johannesen / NRK
Grillet vannmelon med fetaost
Foto: Tone G. Johannesen / NRK

Grille i påska? Prøv noen av grilloppskriftene fra NRK Mat

Dette er ikkje like enkelt for hobby-grillarar, og difor er det ekstra viktig å pludre med maten, ifølge grillmesteren.

Før var det mest norsk pappa-grilling men masse tennveske og maten på alt for tidleg, driv ikkje folk med dette lenger?

– Joda, dei gjer det. Og dette er særleg typisk ved bruk av eingongsgrill. Som kokk så må eg seie eg synst det skulle vore forbode. Det øydelegg så mykje mat, det å bruke alt for høg temperatur.

LES OGSÅ:-Grill med gass eller kull

Kreativ grilling

– Eg griller faktisk mykje i peisen! Det er mange måtar å grille på, det viktigaste er å bli kjent med det utstyret ein har. Du treng ikkje eit produkt til mangfoldige tusen for å grille bra. Du kan få eit fint resultat på ein grill til 400 kroner.

Grill

Store kjøtstykke treng lang tid for å bli gjennomsteikt.

Foto: Eirik Waage / NRK
Grill

David Rivas er er opprinneleg frå Venezuela, og lærer lokale kokkar korleis dei best skal handtera grillkjøt.

Foto: Eirik Waage / NRK

Heller ikkje kjøtet treng å vera av det dyraste slaget, meiner han.

– Det å grille indre- Og ytrefilet er eigentleg berre bortkasta. Kjøp heller litt billegare stykker.

Og bruk god tid!