NRK Meny
Normal

Dette er namnet på «nye» Stålverket

Nomac, som står for Norwegian Material Center of Expertise, er namnet på «nye» Stålverket.

Jarle Fjetland ved Scania Steel, stålverket på Jørpeland

Jarle Fjetland held fram som dagleg leiar ved Stålverket på Jørpeland.

Foto: Anders Fehn/NRK

Tysdag blei den nye organiseringa av Stålverket på Jørpeland kjent.

Hogne Fjellanger er styreformann i selskapet og sit på 90 prosent av aksjane. Technology-Venture ved Stein Fosså og Kjetil M. Stuland eig resten.

Fosså og Stuland er også medlemmer i styret. Jarle Fjetland held fram som dagleg leiar.

Hogne Fjellanger redda det konkursramma Stålverket på Jørpeland på tampen av mars. Ifølge lokalavisa Strandbuen betalte han 6,8 millionar kroner for konkursbuet.

Neste veke er det venta drift igjen på hjørnesteinsbedrifta.