NRK Meny
Normal

Dette er Kaizersplassen

Med 14 stemmer mot 13 gjekk i kveld kommunestyret i Time inn for å kalla plassen ved Mølla på Bryne for Kaizersplassen.

Kaizersplass

Denne plassen ved Mølla på Bryne skal oppkalles etter bandet Kaizers Orchestra, har politikerne bestemt.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Michael Evans (SV)

Michael Evans (SV) er nøgd med kveldens avgjersle.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– Eg er personleg veldig glad for dette, men eg forstår at det også er mange som er misnøgde. Eg hadde håpt at me kunne einast meir, men eg registrerer at kommunestyret er delt ganske 50–50, det trur eg også er situasjonen for folk flest, seier Michael Evans (SV) etter avstemminga i rådhuset på Bryne, tysdag kveld.

Kampen har stått om namnet på området, som nå skal bli rusta opp, skal vera «Mølleplassen» eller «Kaizersplassen».

– Mølla som står her er verna, og vil alltid minna oss om den viktige Mølleverksemda som var på Bryne. Sekkelageret blir i dag brukt til kulturarrangement, derfor passar det med Kaizersplassen, seier Evans.

– Historielaust

Bjarne Undheim i Senterpartiet er ikkje samd. Han stemte for Mølleplassen og har brukt ord som historielaust om namngjevinga.

– Bryne ligg midt på Jæren i eit av dei største jordbruksdistrikta i Norge. Det er klart at kvernhus- og mølleverksemda er årsaka til at Bryne faktisk ligg her nå. Derfor burde me ta vare på namnet staden allereie har i dag. Nemleg Mølleplassen, seier han.

Undheim understrekar likevel at han ikkje har noko imot Bryne sitt store rockeband; Kaizers Orchestra.

Nøgde med Kaizersplass

Også ute i gatene på Bryne var folk delte i meiningane sine om med det nye namnet på plassen ved mølla.

Sondre Skretting (18) er fan av musikken og likte namnet.

– Kaizersplassen er bra, ialle fall betre enn Mølleplassen, seier han.

Sjå arkivvideo – Strid om Kazersplassen

Strid om Kaizers plass på Bryne

Sjå video frå 18. februar 2013.