Hopp til innhold

Søkte på «Senke lik» på nettet

Thomas Müller meiner at drapet på kona berre var delvis planlagt. Men internettloggen til tiltalte, som politiet la fram i Jæren tingrett i dag, syner at han både har søkt på drapsmetode og måter å skjule liket på.

Bistandsadvokat Kjersti Jæger (f.v.), aktor Tormod Haugnes og Ørjan Eskeland.

Bistandsadvokat Kjersti Jæger (f.v.), aktor Tormod Haugnes og Ørjan Eskeland.

Foto: Mathias Oppedahl / NRK

I Jæren tingrett i dag vart det lagt fram fleire døme på søk som den drapstiltalte Thomas Müller har gjort på nettet, i forkant av drapet på Agnes Elisabeth Müller.

Dette er noko av det han søkte på:

  • «Senke lik»,
  • «Hvor dyp er Lysefjorden»,
  • «Dumpe et menneske i sjøen»,
  • «Hvordan kan jeg spionere på ein iphone»,
  • «Lage bedøvelsesmiddel selv»,
  • «Hvordan kvele et menneske»
  • «Hvordan få et menneske til å forsvinne sporløst»,
  • «Kan kone og barn flytte til utlandet»,
  • «Kvinne forsvunnet hva nå».
  • «Dødelige sexulykker»
  • «Skjult spionkamera»
  • «Overdose av paracetomol»
  • «Dumping av lik»
  • «Skilt hus»
  • «Kona skal flytte ut med hus»
  • «Kone forsvunnet»


Nettsøka blir sett på som viktige for å kunne bevise at drapet var planlagt og at motivet var sjalusi.

Gjorde fleire innkjøp på drapsdagen

I retten i dag har politiet også lagt fram ei rekke bevis, som syner aktiviteten til drapstiltale Thomas Müller, dagen Agnes Elisabeth Müller vart drepen.

Denne dagen skulle tiltalte jobbe halv dag for røyrleggarfirmaet han jobba i.

Kontoutskrifter og opplysningar frå arbeidsgjevar syner at han brukte det meste av arbeidsdagen på å gjera ulike innkjøp.

Han førte opp at han jobba fem og ein halv time på ein jobb der han ikkje hadde vore.

– Det meste av dagen har nok gått med til ulike innkjøp, sa politietterforskar Kristin Løland.

Det var etterforskar Therese Salvesen Ims, som la fram lista over Müllers innkjøp, drapsdagen 16. april.

Liste over innkjøp

07.57 kjøpte han seks oransje jekkestropper og fire lastesurringar.

08.15 blir det registrert ei kontoutskrift på Kiwi i Verdalen. Der kjøpte han mellom anna plastfilm. Den same typen plastfilm vart funnen på liket.

11.50 var han på Jula i Stavanger. Der handla han hyssing og presenning.

12.12 var han på XXL og kjøpte ein gummibåt.

Diktafon viser krangel

Ein diktafon gjorde også opptak i heimen heile denne dagen. Den blei slått på om morgonen i fem tida av det som truleg er Thomas Müller. Opptaket blir stoppa klokka fire om ettermiddagen.

Det blir krangla litt mellom drapstiltalte og Agnes Elisabeth Müller på opptaket, men det er av så dårleg kvalitet at omsetjarar ikkje har lukkast med å tolke kva som blir sagt.