Hopp til innhold

Dette er folk lut leie av å høyra om – seier dei i alle fall sjølv

NRK Rogaland har gjort ei uformell undersøking om kva folk er leie av i nyheitene. Her er resultatet.

Dette er me leie av i nyheitene

Køar på motorvegen, Viking fotballklubb og uvêr er noko NRK Rogaland ofte meldar om.

Foto: Mathias Oppedal / Kent Skibstad / Erik Waage / NRK / NTB scanpix

– Eg les alt, men eigentleg er det meste piss, svarar ein mann på veg ut frå kjøpesenteret Madla Amfi, på spørsmål om kva han er lei av å høyra om i nyheitene.

  • Kva er du lei av? Sei meininga di nedst i artikkelen ...

Det var med andre ord ikkje alle som hadde eit spesielt godt forhold til media i utgangspunktet, som blei med i NRK Rogaland si uformelle medieundersøking i dag tidleg.

Likevel var det ikkje vanskeleg å få folk i tale om kva dei meiner får for stor dekning, og kva dei er leie av i media.

– Det er alt for mykje sport, er eit svar som går mykje igjen, både frå kvinner og menn.

Oppskrifter og slankekurar

NRK Rogaland spurte folk på gata, oppfordra folk om å senda SMS og har også fått inn fleire telefonar om temaet.

Ingunn formulerer sin frustrasjon for sportsdekninga i ein SMS:

– Er vanlege folk interesserte i å høyra alle detaljar om korleis ballen blei treft, eller kor idrettsfolk har det vondt?

Slanking er også noko folk fortel at dei er leie av.

– I vekeblada får du kakeoppskrifter den eine veka, og slankekurar den andre, fortel ei frustrert kvinne.

Ordsky

Ei ordsky med ulike ord, som gjekk igjen då NRK Rogaland spurde folk om kva dei var leie av i media.

Foto: wordle.net

– Opptekne av dei nære ting

Andre tema folk seier dei er leie av er trafikk, vêr og helse. Ofte er det likevel denne type saker folk ofte klikkar seg inn på.

Eit paradoks som professor ved institutt for informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen, Martin Eide, kanskje har eit svar på.

– Dette er jo nære ting, og me er vanlegvis veldig opptekne av nære ting. Men når ein blir spurd om kva ein liker er det kanskje ikkje status å fortelja det, seier han.

Han kan fortelja at folk i medieundersøkingar ofte fortel at dei er opptekne av utanriksstoff og klima, men at dette ikkje står i forhold til kor mange som les denne type saker.

I dag er dei fleste aviser fulle av Nasjonal transportplan, men Martin Eide trur ikkje folk vil gå lei av dette temaet av den grunn.

– Det finst så mykje regional strid i NTP, at ein kan laga mykje tilsynelatande maktkritisk journalistikk på det. Elles finst det så mange aspekt med dette dokumentet som nok gjer at det fortent vil få sin sigersgang i norske medium i dag.