Hopp til innhold

– Ikkje overraskande at fleire blei arresterte

STAVANGER (NRK): Odd Rune Torstrup forsvarer den første av dei fire som blei sikta for drapet på Tina Jørgensen. Etter å ha fått innblikk i saka på onsdag, var han sikker på at det ville koma fleire arrestasjonar.

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup er forsvararen til den første mannen som blei arrestert.

Foto: Andreas Molland / NRK

I løpet av to døgn har totalt fire menn blitt sikta for drap eller medverknad til drap på Tina Jørgensen. Dei fire sikta vaks opp saman i Lyngdal kommune i Vest-Agder, men skal etter det NRK kjenner til hatt lite kontakt dei siste åra.

Den vesle kommunen med rundt 8.300 innbyggjarar er prega av det som har skjedd, ifølgje ordførar Jan Kristensen (H).

– Dette er sjølvsagt ei sak som går innpå oss. Dette råkar oss hardt. Her i Lyngdal veit neste alle kven alle er, seier Kristensen til NRK.

Dette er dei arresterte:

  • Mann (36 år) frå Lyngdal – vart arrestert av politiet onsdag kl. 9.40
  • Mann (36 år) frå Lyngdal, men busett i Kristiansand – melde seg på Kristiansand politistasjon kl. 16.15 torsdag på oppmoding frå politiet
  • Mann (36 år) frå Lyngdal – vart arrestert kl. 17.55 torsdag
  • Mann (38 år) frå Lyngdal, men busett i Sirdal – vart arrestert kl. 19.50 torsdag

NRK har snakka med fleire kjelder som har kjennskap til fleire dei involverte. Ifølgje NRKs opplysningar var minst to av dei sikta bekjente av Tina Jørgensen. Jørgensen vart funnen drepen 26. oktober 2000, 20 år gamal.

Truleg avhøyr i kveld eller natt

Advokat Trond Wåland er forsvarar for 36-åringen som vart arrestert i Kristiansand. Han møtte i ettermiddag sin klient i arresten i Kristiansand.

– Eg skal ha eit nytt møte med han i Stavanger i kveld. Politiet ønskjer å avhøyre han i kveld, men det har ikkje min klient tatt stilling til enno, seier Wåland til NRK.

Advokat Olav Sylte er forsvarar for 38-åringen som var den siste som vart arrestert.

«Vi holder på med avhør, det vil nok fortsette utover natta,» skriv Sylte i ei tekstmelding til NRK kl. 23.40.

Kva er bakgrunnen for siktinga?

– Alt i saka er klausulert, så det kan eg ikkje kommentere, svarte Sylte til NRK litt tidlegare på kvelden.

Forsvarar: – Ikkje overraska

Alle dei fire er frakta til Stavanger politistasjon, der etterforskinga av drapssaka blir leia. Det er berre gjort avhøyr av mannen som vart arrestert først. Politiet ønskjer ikkje å kommentere kva han har forklart i avhøyr.

Det vil heller ikkje forsvararen hans, advokat Odd Rune Torstrup:

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup er forsvararen til den første mannen som blei arrestert.

Foto: Andreas Molland / NRK

– Kva min klient har sagt om siktinga vil eg ikkje si før dei andre personane i saka har forklart seg.

Han er ikkje overraska over at dei tre andre arrestasjonane.

– Eg rekna det som sikkert i går at desse personane ville bli arresterte, seier Torstrup.

Totalt fire menn er pågrepet i forbindelse med drapet på Tina Jørgensen. Alle er siktet for drap eller medvirkning til drap.

Politiadvokat Herdis Traa og politioverbetjent Bjørn Kåre Dahl på politiets pressekonferanse i kveld.