Hopp til innhold

Det smell for kongeparet

21 kanondrønn frå Ulsnes fort. Slik blir 25 års jubileet for kongeparet markert av forsvaret i Stavanger. Med rette vindretninga kan det høyrast både i Ryfylke og i Sandnes.

Kanonene på Ulsnes utafor Stavanger

Kanonene på Ulsnes utafor Stavanger, gir lyd fra seg klokken 13, søndag den 17. januar.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Det er klokka 13 på søndag kanonmarkeringa av jubileet skjer på Ulsnes på Hundvåg i Stavanger.

Då blir 21 kanonskott fyrte av frå to kanoner. Det skal skje med nøyaktig fem sekund mellomrom.

Les også: Kongepar i 25 år

Ekstra jobb i år

I eit vanleg år er det sju gonger at kanonane på Ulsnes gir lyd frå seg for å markera dei kongelege sine fødselsdagar og andre dagar som er viktige for nasjonen.

– Dette året får me åtte oppdrag, fortel saluttkommandør Leif Otto Steen.

Les også: Kongen med fire millioner livvakter

Han er tilknytta norske reserveoffiserar sitt forbund, og skal halde styr på at kanoneringa går føre seg på rett måte.

De gamle kanonene på Ulsnes

De gamle kanonene på Ulsnes blir brukt til saluttering syv ganger i året. Men i 2016 blir det en åttende gang.

Foto: NRK

– Det er to mann på kvar kanon i tillegg til ein som tel. Det er for å sikre at det er 21 gonger og ikkje fleire eller færre saluttar som blir avfyrte, seier Steen.

Skikkeleg lurveleven

Saluttkommandøren er utstyrt med hørselsvern, som tar vekk den verste lyden. Men han er imponert over kor lang avstand salutten kan høyrast.

– Sjølv bur eg i Sandnes og dersom vindretninga går frå nord og sørover, kan eg høyre drønna frå kanonene på Ulsnes heilt dit, seier Steen.