Vårens vakraste eventyr

På den korte visitten NRK hadde hos ein sauebonde på Randaberg kom heile tre lam til verda. Kanskje ikkje så rart med tanke på at det i desse dagar blir til heile 1,2 millionar lam landet rundt.

– Dagane me nå er inne i er høgsesong for lemming, seier styreleiar i Norsk Sau og Geit, Ove Omundsen. Han kan fortelja at det mellom 20. mars og ut april blir til 1,2 millionar lam i landet.

Svært mange av desse blir til i Rogaland. Med heile 400.000 venta lam, er dette det største sauefylket i landet.

Dette fekk NRK sin fotograf erfara då han var innom hos sauebonden Guttorm Gudmestad på Østhusvik i Rennesøy kommune, der fekk han med seg heile tre lam som kom til verda.

Sjå video av lemminga:

Video Lemminga i full gang

Lemming på Østhusvik i Rennesøy. (Foto: Eirik Gjesdal)

Travelt for bøndene

Guttorm Gudmestad har fire hundre lam som skal lemma. Og så langt har han tatt imot omlag 550 lam.

– Det er travelt men eg får hjelp av familien, seier han.

Ungane tar nemleg fri frå jobben for å hjelpa far i fjøset i desse hektiske dagane. Familien går skift heile døgnet for å passa på sauene.

– Me har hatt litt kaos i natt. Det var eit lam som ikkje kom ut rette vegen, derfor måtte eg krypa til korset å ringja til far, seier Grete Gudmestad.

Video - Eiga seng i sauehuset:

Video LEMMING-300310-RO-192110-SI_RO.mp4

TV-innslag frå lemminga i fjor. Bonden Ole Andreas Byrkjedal har rigga seg til med seng i sauehuset.

Lam i påsken

Medan lamma blir til, går me også mot sesongen når nordmenn landet rundt også puttar lam i gryta.

Påsken og lam høyrer tett saman. I fjor solgte Nortura omlag 650 tonn lammekjøt i påskesesongen.

På matsidene til NRK finn du fleire tips til korleis du kan laga til påskelammet: