NRK Meny
Normal

Vurderer fyverkeriforbod i Stavanger

Det politiske fleirtalet i Stavanger snusar på fyrverkeriforbod i kommunen. – Forbodspartia slår til igjen, meiner Frp, som er imot.

Fyrverkeri Stavanger

Det kommunale fyrverkeriet kan bli det einaste lovlege i Stavanger.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det aller viktigaste er å hindre skader på menneske, som følge av at folk skyt opp fyrverkeri på nyttårsaftan etter å ha drukke alkohol.

Ingebjørg Folgerø frå partiet Høgre i Stavanger på utsida av eit bygg

Ingebjørg Folgerø frå Høgre vil ha ei vurdering om fyverkeriforbod frå rådmannen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ingebjørg Folgerø representerer partiet Høgre i Kommunalstyret for miljø og utvikling.

Det var ho som fekk med seg alle parti, minus Frp, på å be rådmannen om å sjå på om eit fyrverkeriforbod kunne ha noko for seg i Stavanger.

– Kan me skjerma fleire barn mot å få ein rakett i auga, så er det verdt det, seier Folgerø.

Ho minner også om at Stavanger brukar over 600 000 kroner på fleire kommunale fyrverkeri i bydelane.

Kallar dei andre forbodsparti

– Nå ser me det i sak etter sak at dei andre partia ønskjer å innføre forbod mot ditt og mot datt.

Portrettbilde av Christian Wedler, gruppeleiar FrP i Stavanger

Christian Wedler skuldar dei andre politikarane for å tilhøyre "forbodsparti".

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Christian Wedler er gruppeleiar for Framstegspartiet i Stavanger og står åleine i synet på at ikkje eingong det å be rådmannen om å greie ut eit eventuelt fyrverkeriforbod er noko å satse på.

– Det same skjedde då dei sa at dei ville ha ei sak frå rådmannen på piggdekkgebyr, og då dei bad om ei sak på datokøyring, seier Wedler, som minner om kva som blei resultatet av det.

Unødvendig med forbod

Wedler vedgår at det er ein stad i Stavanger at det går føre seg mykje ulovleg rakettoppskyting på nyttårsaftan. Det er i sjølve sentrum.

Forbudssone fyrverkeri

Slik er den nåverande forbodsgrensa for fyrverkerioppskyting i Stavanger.

Foto: Stavanger Kommune

– Men der er det alt innført fyrverkeriforbod, slår han fast, og meiner at fleire forbod er bortkasta.

– Det nyttar ikkje om Stavanger innfører ein slik regel. Då drar folk til nabokommunane og kjøper det dei vil ha der, seier han.

Forsvarar forbodet

– Dersom det blir eit fyrverkeriforbod, så blir det totalt, slår Ingebjørg Folgerø fast. Sal, kjøp og bruk. Alt blir ulovleg.

Ho vedgår at stavangerfolk kan dra til nabokommunane å kjøpe rakettar der, men det uroar ho ikkje så mykje.

– Internett er oppfunne og det finst postordre. Så me kan ikkje hindre alt, men me kan redusere det kraftig, seier Folgerø.