Hopp til innhold

Det måtte bli blinkskot

Då Phil møtte Bue var fulltreffaren eit faktum - men det tok litt tid.

Pihl og Bue

Mora til Eli hadde tulla med i mange år med at ho burde finna seg ein mann som heitte Bue. Til slutt gjorde ho det.

Foto: Privat

– Han var ein avisande type, og helste verken på meg eller venninnene mine. Ikkje hyggeleg i det heile tatt, og ganske overlegen.

Eli er på vorspiel hos venner på Klepp i Rogaland. På festen er ein heller ufyseleg fyr, som verken Eli eller venninnene har sansen for. I starten.

Trudde ikkje på henne

Dei helser ikkje på kvarandre før dei kjem ut på byen, og Eli finn det for godt å presentera seg.

– Hei, eg heiter Eli Pihl.

– Du tuller?

– Nei.

Vidar kravde å få sjå bevis på at ho heitte det ho hevda, og legitimasjon overtydde han til slutt.

Vidar Bue hadde treft Pihla si. Og Amors pil trefte Vidar.

– Så var det gjort! Eli skrattler.

Etter fulltreffar-kvelden skulle det gå ei stund før dei såg meir til kvarandre. Eli budde i utlandet og studerte, men dei heldt sporadisk kontakt fram til ho flytta heim til Sandnes igjen.

– Då blei det oss.

Pihl Bue

Familien Pihl Bue: (F.V.) Elise (8), Eli, Viktor (6) og Vidar.

Foto: NRK

Møtt med latter

–Mor mi har jo tulla litt med dette, og sagt at eg må finna meg ein mann som heiter Bue, for då blir det Pihl og Bue. Så skjedde jo det da.

Mange morar seg over det musikalske namnet, men i blant er det litt trøblete.

– Om eg ringer til folk i jobbsamanheng, så kan det bli litt kleint. Difor presenterer eg meg ikkje lenger som Pihl Bue, men seier berre Eli Bue.

Ho synst for så vidt det er triveleg å bli møtt med spontan latter i andre enden av røyret, men alt til si tid ...

Sladra til media

– Det stod masse journalistar på kyrkjetrappa då me skulle gifta oss, og fleire inne i kyrkja òg. Det var heilt surrealistisk.

Eli mistenker at det var ei venninne som hadde sladra til media, men veit ikkje korleis det spreidde seg så veldig som det gjorde.

Saka hamna i VG, Dagbladet, Norsk Ukeblad – og i Bangkok Post ...!

– Det gjekk fleire månader, så fekk me eit brev i posten. Det var ein privatperson som hadde klipt ut ein avisartikkel frå Bangkok Post. Han budde der, og fann saka.

– Då måtte me le litt. Dei hadde øvesett namnet til Bow and Arrow, og forklarte kvifor dette va løye. Hehe ...

Ungane Pihl Bue har også fått reaksjonar, men mora minner dei på å vera stolte av namnet sitt.

– Og det er dei einige i. Dei synst jo det er litt tøft, ingen andre heiter jo det same.

Denne familien og mange fleire andre med namn som kan få fliret på glid, blir å treffa i kveld på NRK1 i programmet Nomino.