Hopp til innhold

Høgare rekkverk mot sjølvmordsforsøk

Bybrua i Stavanger kjem til å få nytt og høgare rekkverk. Formålet er å hindre sjølvmordsforsøk frå folk som vurderer å hoppa frå brua.

Bybrua i Stavanger får høgare rekkverk

Politikarane i Stavanger har bestemt at bybrua i Stavanger skal få høgare rekkverk for å hindre sjølvmord. Men først må riksantikvaren sei ja – brua er nemleg freda.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det er ikkje til å stikke under ein stol at det har vore tilfelle på bybrua som har hatt eit veldig uheldig utfall, seier Mats Danielsen.

Mats Danielsen, ungdomskandidat for Frp i Rogaland til fylkestinget

Mats Danielsen er Frp-politikar i Stavanger. Han er sentral i kampen for å hindre sjølvmord på bybrua.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Etter at den unge Frp-politikaren for nokre år sidan sjølv blei vitne til ein mann som klatra over rekkverket på bybrua i Stavanger, har han vore opptatt av å hindre dette.

Den gongen gjekk det bra. Politiet blei varsla og klarte å overtala mannen til å gi opp sjølvmordsforsøket. Men det som skjedde, sit ennå igjen i minnet hans.

– Det er slike tilfelle me ønskjer å unngå i framtida. Og eg føler at tida er knapp. Me har ikkje tid til å mista nokre fleire, seier han.

Høgare rekkverk er det beste

Då saka var oppe sist gong, for to år sidan, konkluderte politikarane i Stavanger med at dei heller ville satsa på ei varsling med lasermåling. Den skulle sende ei melding til politiet dersom det kom menneske på utsida av rekkverket.

Fredrikstad bro

På brua utanfor Fredrikstad, har dei alt montert høgare rekkverk for å hindre sjølvmordsforsøk.

Foto: Statens Vegvesen

Men forsøket på Askøybrua ved Bergen der dette blei testa ut, fungerte dårleg. Det blei for mange falske alarmar, og nå er det høge rekkverk som blir sett på som beste løysinga.

– Planen vår er å byggje ein høgare versjon av gjerdet på brua slik det er i dag, seier seksjonssjef Eivind Stangeland ved Statens vegvesen.

Eit alternativ er at det som står i dag, blir bygd på i høgda, eller at me set opp eit heilt nytt på sida av det gamle, seier han.

Seksjonssjef Eivind Stangeland i Statens vegvesen

Seksjonssjef Eivind Stangeland i Statens vegvesen, har konkludert med at høgare rekkverk er beste botemiddelet mot sjølvmordsforsøk på bybrua.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Fungerer i Tromsø

Frp-politikar Mats Danielsen fortel at brua frå fastlandet til Tromsø var ramma av det same problemet. I 2007 blei det sett opp høgare rekkverk, og etter det har det ikkje skjedd fleire sjølvmordsforsøk.

– Grunnen til at det fungerer, er at utspring eller forsøk på det frå ei bru, ofte er impulsive, seier Danielsen.

Han viser til organisasjonen Leve, som fortel at nokre sjølvmordsforsøk skjer når folk går heim frå byen ein sein kveld, etter kanskje å ha hatt ein krangel med dama eller slike ting.

– Då kan dei gjera eit forsøk på impuls, og dette kan me forhindre ved å ha rekkverk som er vanskeleg å ta seg over, seier Danielsen.

Dato er ikkje bestemt

Bybrua i Stavanger er freda, så riksantikvaren må inn i bildet før rekkverket kan endrast. I tillegg må Stavanger kommune og Vegvesenet bli samde om korleis endringane skal gjerast.

– Men når alt er klart, kan me planlegge korleis det skal gjerast og utføre bygginga på mindre enn eitt år, seier seksjonssjef Eivind Stangeland i Vegvesenet.