NRK Meny
Normal

Det kan bli færre vogntog i grøfta i vinter

Statens vegvesen meiner lastebilsjåførar er blitt flinkare til å sko seg for køyring på norske vintervegar. Ein kampanje kor bedrifter sjølv sjekkar vogntoga får mykje av æra, men nå er prosjektet over.

Snøkaos 2007

Vinterkontrollane til Statens vegvesen viser ei positiv utvikling for tilstanden til vogntoga på norske vegar. Dersom dette held fram, kan det betyr færre bilete som dette komande vinter (bilete er frå 2007).

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

– Nå sjekkar eg mønsterdjupna på dekket, for å sjå om det er slik det skal vera i forhold til årstida, forklarer logistikk-formann Morten Henningsen ved Marine Harvest sitt lakseslakteri Ryfisk i Hjelmeland.

Han kontrollerer ein av trailerane som er innom anlegget for å lasta fisk som skal fraktast til Gardermoen.

Sjølv på sommaren må kjettingane vera på plass, i tillegg til rett mønster og merking på dekka. I tillegg har Marine Harvest krav om at bilane har tre akslingar.

– Det gjer at bilen er betre på vintervegane, noko som er tryggare for sjåføren.

– Veldig mykje betre

Morten Henningsen

Logistikk-formann Morten Henningsen ved Ryfisk i Hjelmeland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Prosjektet blir kalla Trygg trailer (sjå faktaboks) og er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og transportkjøparar.

Bedriftene får informasjon og opplæring av Vegvesenet, slik at dei kan sjekka vogntoga sjølv.

Ei dødsulukke på Hitra i Trøndelag i desember 2013 blei utslagsgivande for at Marine Harvest blei med året etter, og erfaringane er gode, ifølge Henningsen.

– Me ser at ting har blitt veldig mykje betre. Utstyret har blitt betre, dekk har blitt betre og sjåførane er klar over at me tar ein runde og sjekkar dekk, kjettingar og forskjellig.

Sjekkar mønsterdjupne

Logistikk-formann Morten Henningsen kontrollerer mønsterdjupna på dekka til eit av vogntoga som skal frakta fisk til Gardermoen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Vegvesenet ser positiv utvikling

Også Vegvesenet meiner trailersjåførar på norske vegar er blitt finklare til å sko seg for køyring på vintervegane.

Av 11.400 kontrollerte køyretøy på vinterkontrollane i år, fekk berre 22 forbod mot køyring, mens knappe 300 fekk gebyr for manglande vinterutrusting.

Av 8.300 kontrollerte tilhengarar fekk 16 køyreforbod, mens det blei skrive ut 335 gebyr for manglar.

Helge Våge

Inspektør i Vegvesenet, Helge Våge.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Inspektør i Vegvesenet, Helge Våge, har sett ei positiv utvikling for tunge køyretøy på norske vintervegar.

– Etter me starta med prosjektet Trygg trailer, har tilstanden hos dei som køyrer blitt mykje betre. Både kjetting og dekk er i orden. Me ser det også ute på tungbilkontrollar at bilar, dekk og alle ting som fremjar trafikktryggleik, har blitt betre.

Håpar kampanjen held fram

Alt såg bra ut, også på denne kontrollen på lakseslakteriet Ryfisk i Hjelmeland. I løpet av vinterhalvåret har Marine Harvest hatt 600 stikkprøvar av køyretøy.

Nå håpar selskapet og logistikk-formann Henningsen at Trygg trailer-prosjektet held fram, sjølv om dei eigentleg tok slutt i vår.

– Etter tre år med prosjektet ønsker me å halda fram for å sikra tryggleiken på vegane.

Vegvesenet har ikkje avgjort kva som kjem til å skje med kampanjen, men det kan henda den vil halda fram i meir lokale variantar.