Hopp til innhold

Ølkassen og dei brune flaskene er historie

Dei siste bryggeria har nå kutta ut glasflasker med pant. – Pantepengane er uansett ikkje avgjerande for å få folk til å resirkulera, seier Petter Nome i Bryggeriforeningen.

Dei siste «bjørnungane»

ALT SKAL KNUSAST: Fungerande dagleg leiar ved Berentsen i Egersund, Jone Ellingsen, står framføre eit tårn av «bjørnungar». Dei har vore fulle for siste gong, og skal nå knusast. Kassane kjem heller ikkje tilbake til butikkane.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Utanfor Berentsen brygghus i Eigersund står det titusenvis av flasker stabla i kassar. Det er flasker av den gamle sorten. Både dei små «bjørnungane», som på fagspråket blir kalla «shortneck», og standardiserte blanke flasker med høg hals.

Petter Nome

Direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen Petter Nome seier at pantepengane ikkje er spesielt viktig som motivasjon for å få folk til å levera inn flaskene.

Foto: Bryggeri- og Drikkevareforeningen

Før ville desse flaskene blitt sendt inn i ein svær vaskemaskin i bryggeriet, for så å bli tappa øl på og sendt ut att til butikkane. I staden skal dei kalla inn ekstra bemanning i sommar for å knusa heile stabelen.

For eit par månadar sidan tappa nemleg Berentsen og Ringnes, som dei siste bryggeria i landet, dei siste gjenbruksflaskene. Det som nå finst av gamle panteflasker er det som ennå ikkje har blitt seld frå butikkane, og det som private framleis har ståande.

For bryggeria er det berre eingongsflasker frå utlandet som gjeld.

– Me blitt samde om at me skal avvikla glasflaskene med pant. Dermed blir det berre gjenvinningsflasker som skal kastast i metall- og glasinnsamlinga, seier Jone Ellingsen, som er fungerande dagleg leiar ved Berentsen brygghus.

Aass Bryggeri

Hos Aas bryggeri i Drammen er det ei stund sidan dei slutta med glasflasker og kassar med pant. På sine nettsider argumenterer dei med at det ikkje er spesielt miljøvenleg å frakta tomme ølflasker rundt. – Å frakta heile flasker tilbake til bryggeriet vil seia at bilane fraktar over 90 prosent luft, står det på sidene.

Foto: Knut Skyllingstad / NRK

– Me går i feil retning

Dermed får du framover berre pant for boksar og plastflasker. Flaskene må leverast på gjenvinningsstasjonar og -dunkar om dei ikkje skal hamna i naturen eller restavfallet.

– Me går i feil retning med dette. I Danmark er det nesten pant på alt av flasker. Slik det nå er i Noreg står du nå att med ei heilt verdilaus flaske i handa når du har tømt ho, seier Henning Feyling.

Han arrangerer kvart år visefestival i Egersund. Då han i år skulle returnera alle tomflaskene etter festivalen blei han overraska over at det ikkje var ei mottaksordning for tusenvis av glasflasker som dei hadde kjøpt inn.

– Konsekvensen kunne blitt at me kasta alt saman i restavfallet, seier Feyling, men legg til at dei valde å levera det inn til resirkulering. Noko han likevel trur at det er mange som ikkje vil gjera når det plutseleg ikkje lenger er ei gulrot i form av panten.

Kritiske til ny ordning

Kristin Laland og Scott Vaaland som jobbar på spesialbutikken for øl på Bryne er kritiske til at panten på glasflasker forsvinn.

Alle må vera med

– Dette er naturens gang. Dei tjukke slitne flaskene er nok litt gamaldagse, seier direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen, Petter Nome.

Det er fine flasker og boksar forbrukarane vil ha, forklarer han.

Men kvifor kunne det ikkje vore pant på eingongsflaskene?

– Det hadde vore mogleg, men slik det ligg an nå har ein kome til at det fungerer like godt med andre innsamlingsordningar, og at det med panten ikkje er ein spesielt viktig motivasjon for å få folk til å levera tilbake, seier han.

Også Ellingsen i Berentsen har tru på at nordmenn vil levera ølflaskene inn saman med vinflasker, syltetøyglas og hermetikk i dei såkalla «igloane» med glas- og metallinnsamling.

Feyling er ikkje samd.

– Eg er litt lei av at folk snakkar om haldningsendring. Eg har betre tru på ein pantelapp, seier han.