Hopp til innhold

Det er framleis bilen som gjeld

Nær 20 millionar kroner blei brukt for å betra busstilbodet på Forus. Men nesten ingen har parkert bilen til fordel for buss på eit av landets største næringsområder.

Kollektivbru på Forus

Denne sykkel og bussbrua var eitt av tiltaka som skulle få fleire Forus-tilsette over på buss.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er svært god plass på bussane som køyrer til og frå Forus, seier Odd Aksland. Han er direktør i det fylkeskommunale transportselskapet Kolumbus.

Overkapasiteten han snakkar om har kome etter ei større ruteutviding som selskapet gjennomførte for halvanna år sidan.

Selskapet fekk om lag 20 millionar kroner frå Rogaland fylkeskommune for å betra rutetilbodet, spesielt på Forus næringspark med sine 2.500 bedrifter og 40.000 tilsette.

Men dei som jobbar på Forus er framleis ikkje nøgde. Det syner ei ny spørjeundersøking utført av Norstat på oppdrag frå Forus-samarbeidet.

Forus næringspark

Forus Næringspark er eit av dei største næringsområda i landet med meir enn 40.000 menneske som jobbar der.

Foto: Forus-samarbeidet

– Treng færre parkeringsplassar

På ein skala frå ein til 10 meiner dei spurde at tilgjengelegheita til Forus via kollektivtransport ikkje scorar høgare enn 3,7.

I tillegg syner spørjeundersøkinga at for 81 prosent har privatbil som viktigaste transportmiddel til jobb på Forus, mot 88 prosent for to år sidan, før storsatsinga. Dei som sluttar med bil går hovudsakleg over til sykkel, ikkje buss.

Så var kollektivsatsinga med andre ord mislukka?

– At ikkje fleire reiser med buss er nok på grunn av for bra tilrettelegging for bilistane. Dersom politikarane meiner alvor så må det mellom anna kuttast i talet på parkeringsplassar, seier Aksland.

Venter på bussveg

Samferdselstalsmann Andreas Bjelland Eriksen i Arbeidarpartiet i Rogaland, meiner at ein må smørja seg med litt meir tolmod for å sjå resultat av kollektivsatsinga på Forus.

– Eg meiner at ruteutvidingane vil bidra positivt, men det er først og fremst bussvegen som kjem dei neste åra som vil gi dei store resultata. Då trur eg folk meir og meir vil gå over til buss, seier Bjelland Eriksen til NRK.

Han er samd med Aksland i at sanksjonar blir nødvendig.

– Me må som politikarar tora å bruka pisk, og eg trur det vil vera nødvendig med fleire sanksjonar enn det me har i dag. Kutt i parkeringsplassar, rushtidsavgift og eventuelt andre ting.