Hopp til innhold

Lokalt næringsliv blar opp for julelys

Telenor avlyste først jula på Ullandhaugtårnet i Stavanger, og folk har rasa. Nå har ei kronerulling i næringslivet i Stavanger-regionen ført til at det blir julelys på landemerket likevel.

Ullandhaugtårnet med julelys

Ullandhaugtårnet har vore eit landemerke for mange, kanskje spesielt i adventstida. I 17 år har det vore lys på tårnet, men i år seier Telenor nei til å betale.

Foto: Viggo Johansen

Laurdag blei det kjent at Telenor ikkje vil betale for å henge opp julelys på Ullandhaugtårnet i Stavanger i år. Tårnet, som ragar 199 meter over havet og er synleg frå store område rundt, har sidan 2001 hatt lyslenker kvar advent.

Etter 17 år var det nå slutt.

Etter at nyheita blei kjend, har reaksjonane vore mange. Og sterke. Meir enn 300 har kommentert saka på NRK sine Facebook-sider, og mange av dei er sinte over at Telenor ikkje tar seg råd til å halde fram med tradisjonen.

Å hengje opp lys kjem til å koste opptil 150.000 kroner i år, alt etter kor mange lyspærer som kan bli brukte på ny. Lysa blir øydelagde av vind og is, og annakvart år må dei kjøpe nye.

Telenor: – Opna 5G-nett

Informasjonssjef i Telenor, Magnus Line, seier dei forstår reaksjonane. Samstundes må dei kutte kostnader og bruke ressursar opp mot det selskapet seier er kjerneområda sine:

Magnus Line

Magnus Line, informasjonssjef i Telenor.

Foto: Martin Fjellanger/Telenor

– Teknologiutvikling, utbygging av mobilnett og breiband til publikum. Vi opna nyleg 5G-nett på Kongsberg, og kundane forventar stadig meir av oss. Da må vi prioritere deretter, seier Line til NRK sundag.

Andre har gjort litt meir enn å vere sinte på Telenor.

Allereie laurdag ettermiddag blei det tatt initiativ til ei pengeinnsamling blant bedrifter i området. Leiarar utfordra kvarandre etter tur, og etter få timar hadde lovnadene om pengar for alvor begynt å komme inn.

– Eit landemerke

– Vi er oppe i 112.000 kroner nå, seier Tor Erland Asdahl, dagleg leiar i Bjerga Bygg AS i Sandnes til NRK måndag morgon.

Asdahl blei oppmoda til å gje pengar av ein annan bedriftsleiar. Sidan har han også tatt på seg noko av ansvaret for å koordinere innsamlinga.

Håvard Rott, Arnt Helge Sandvik og Daniel og Tor Erland Asdahl

Frå venstre Håvard Rott, Arnt Helge Sandvik og Tor Erland Asdahl (med sonen Daniel) har alle engasjert seg i innsamlingsaksjonen gjennom helga. Måndag føremiddag nådde dei 150.000 kroner.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg håper at eit lite bidrag frå mange kan gjere at lysa kjem opp, seier han.

Asdahl har budd i fylket i 19 år, og hugsar godt då ideen om lysa kom.

– Det hadde vore frykteleg trist utan lys i år. Det er eit landemerke, seier han.

Lyse vil ha lys

Like etter at Asdahl kunne annonsera at dei hadde samla inn 112.000 kroner, kom energiselskapet Lyse på banen. Dei donerte 25.000 kroner til innsamlinga.

– Eg har aldri opplevd liknande engasjement! Nå blir det julelys likevel. Me skal ta kontakt med dei som har stått for innsamlinga, også me tar rekninga for straumen, fortel Line i Telenor måndag morgon.

Dermed blir det julelys på Ullandhaugtårnet i adventstida i år likevel.

VIDEO: Fem år gamle Anja Ariel Tørnes Brekke hadde ideen til lysa i 2001, og fekk tenna dei den første gongen.