Hopp til innhold

Det blir blodig alvor på Rogaland teater

– Har du nokon gong vore på eit FAU-møte i ditt liv, vil du garantert kjenna deg att i dette teaterstykket. Det seier skodespelar Marianne Holter som ser fram til premiere på «Blodig alvor» på Rogaland Teater.

nart blir det blodig alvor på Rogaland teater, suksessstykket har premiere 1. november.

VIDEO: 1. november har teaterstykket «Blodig alvor» premiere på Rogaland Teater. Her kan du få ein smaksprøve.

Haustsesongen på Rogaland Teater blir avslutta med stykket «Blodig alvor» eller «Le Dieu du carnage» som har hatt stor suksess på scenar rundt om i heile verda, og som i 2011 blei filmatisert av Roman Polanski under tittelen «Carnage».

NRK møtte i dag dei to av hovudrolleinnehavarane for ein prat. Mareike Wang og Marianne Holter ser begge fram til premiere den første november, og dei har god tru på at spelet vil slå an.

– Lærarar bør sjå dette

– Spesielt lærarar bør koma å sjå dette, dei har nok vore borti mange foreldre som oppfører seg på same måte, seier Wang.

Holter er samd.

– Har du nokon gong vore på eit FAU-møte i ditt liv, vil du garantert kjenna deg att i dette teaterstykket, seier ho og ler.

For stykket handlar om to foreldrepar som skal ordna opp, etter sonen til det eine paret har slått ut tenner på sonen til det andre paret. Etter kvart blir metodane for konfliktløysing mindre og mindre siviliserte.

Kulturkollisjon

– Det skjer ein kulturkollisjon mellom dei to para. Dei har heilt ulike måtar å oppdra barna sine på, og ser heilt ulikt på konflikten.

Begge seier det har vore svært spanande å jobba med eit stykke der dei får spela ut så mykje sinne.

– Me har hatt latterkrampe svært mange gonger, men på same tid er det herleg å spela ut så mange konfliktar. Då roar eg meg meir ned elles, seier Holter.