Hopp til innhold

E39 stengt for all trafikk

Det ligg nær ein halv meter vatn på E39 ved Helleland og Drangsdalen, og vegen er no stengd for alle kjøyretøy. Hald deg heime viss du ikkje må ut, ber Vegvesenet.

Det ligg nær ein halv meter vann på E39 ved Helleland, og personbilar kan ikkje passere.

VIDEO: E39 ved Helleland er no kun åpen for lastebilar og nyttekjøretøy. Foto: Eirik Gjesdal/NRK.

– Det er alt for høg vannstand. Vi kan ikkje risikera at små bilar ikkje klarar å passera, seier Eivind Stangeland, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Ekstremværet «Synne» har nådd Sør-Vestlandet, og pregar særleg Indre Ryfylke og den sørlege delen av i Rogaland. Det er svært mykje vatn på vegane. Ekstremt mykje to stader på E39: ved Helleland og Drangsdalen (Hovsvatnet).

E39 ved Helleland i er no stengt til for all trafikk til søndag ettermiddag. Vegvesenet ber alle tunge kjøretøy om å parkera i Kristiansand, Flekkefjord eller Stavanger.

Mye vann på E39 ved Helleland

VIDEO: Det er no uforsvarleg å la personbilar passere Helleland, meiner Vegvesenet. Foto: Eirik Gjesdal/NRK.

– Vi tar ikkje sjansen på at bilar havarerer, og at vi ikkje klarer å berge dei, seier Stangeland.

E39 ved Helleland

Det var eit tidsspørsmål før E39 vart stengd ved Helleland. Tidlegare i dag fekk bilar passera.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Derfor må personbilar no kjøre om enten RV44 via Flekkefjord, eller eventuelt FV501 via Sokndal. For tungtrafikk er det inga omkøyring.

Omkøyringa om fylkesveg 44 er ikkje eigna for tunge køyretøy.

– Når kvelden kjem, og vatnet gjer det vanskelig å sjå vegen må vi truleg også stengje for større bilar, som klarer å passere no, sa Stangeland klokka 17.

Laster Twitter-innhold
Biler forserer vannmassene som oversvømmer E39.

VIDEO: Det er mykje vatn i vegbanen på E39 ved Helleland.

Rødt flaumvarsel

Statens vegvesen har ekstra mannskap ute i helga og følgjer ekstremveret Synne tett. Det er svært vanskelege køyreforhold mange stader. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har heva flomvarselet til rødt fra Mandalsvassdraget i Rogaland og vestover.

– Viss du ikkje må køyre i dag, så vil eg på det sterkaste oppmode folk til å halde seg heime, seier Eivind Stangeland, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Svært utfordrande i Ryfylke

I indre delar av Rogaland er situasjonen på vegane svært utfordrande, særleg i Suldal og
Sauda.

– Vi ber folk i Suldal og Sauda om å halde seg heime dersom det ikkje er nødvendig å køyre, oppmodar Ove Hausvik, i Statens vegvesen i Haugesund.

Mannskap er ute i alle delar av Ryfylke og følgjer situasjonen tett.

Ekstremværet stenger veier i Rogaland.

VIDEO: Vatnet fosser over fylkesveg 520 i Sauda. Foto: Per Aksel Birkeland