Hopp til innhold

Desse turistane får ikkje tilbod om elbil-lading

Preikestolen er blant fleire turistmål her i landet som ikkje tilbyr lading for elbil. Professor meiner turistane er svikta i elbilsatsinga her til lands.

Ålgård Skolekoprs holder konsert på Preikestolen

Preikestolen er blant landets mest populære turmål, med opp mot 300.000 besøkande i året. Likevel tilbyr ikkje turistmagneten lading for elbilistar.

Foto: Ole Omland

Av om lag 100 parkerte bilar på preikestolparkeringa ein grå og småkald regnvêrsdag i juli, er berre to elektriske.

Det er kanskje ikkje så rart når eit av landets mest populære turmål, med opp mot 300.000 besøkande i året, ikkje tilbyr lading for elbilistar.

Nærmaste hurtigladestasjon er 10 kilometer unna, i Jørpeland sentrum.

Men Preikestolen er langt frå den einaste turistdestinasjonen kor elbilistar fort kan få ladeangst.

200 kommunar har ikkje hurtigladar

Nær halvparten av alle kommunane i landet manglar hurtigladarar, og det er framleis store ladehol i fylkesvegnettet og typiske turistvegar i landet, ifølge elbilforeininga.

Professor i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, Carlo Aall, meiner turistane er gløymde i elbilsatsinga her til lands.

– Mesteparten av elbilsatsinga i Norge er retta mot kvardagsreiser, altså korleis komma til og frå jobb med elbil. Nå må me begynna å tenka på korleis turistar kan komma til Norge med elbil.

Med det meiner professoren at ladestasjonar må leggast til der turistar stoppar, ikkje berre der folk reiser på jobb eller for å handla.

Carlo Aall i Vestlandsforsking

Professor i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, Carlo Aall, meiner turistane er gløymde i elbilsatsinga her til lands.

Foto: Jørn Norstrøm

– Mange har fått støtte

Men Klima- og miljødepartementet meiner på si side elbilsatsinga her i landet er ein suksess, og viser til at ingen andre land har ein liknande elbilpolitikk som Norge.

– Gjennom Enova har staten støtta mange ladestasjonar landet rundt. Det gjeld også i distrikta, medrekna turistmål, seier statssekretær Atle Hamar (V).

Statssekretæren seier at det ikkje er opp til staten å peika på kor ladestasjonane skal ligga, men at dei legg til rett for fleire ladepunkt gjennom støtteordningar.

– Det er litt opp til nærings- og reiselivet sjølv å dokumentera behov. Mange stadar har også kommunane gått i bresjen.

Atle Hamar, statssekretær i Klima- og miljødepartementet

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar.

Foto: Snorre Tønset / Klima og miljødepartementet

Utfordrar reiselivet til «ladegrep»

Ho som er ansvarleg for merkeordninga berekraftig reisemål, altså at turistmåla her til lands skal bli flinkare til å ta vare på natur og miljø, utfordrar også reiselivet til å skapa interessante ladestasjonar for turistane.

– Ikkje nødvendigvis at reiselivet tar marknaden for elbillading. Men at dei i alle fall har noko å bidra med i det tidsrommet bilen står til lading, seier spesialrådgivar i Innovasjon Norge, Ingunn Sørnes.

Ho listar opp klatreveggar, guida turar, sykkelturar og hundekøyring som aktuelle «ladeaktivitetar».

Preikestolparkering

Av om lag 100 parkerte bilar på preikestolparkeringa ein grå sommardag i juli, var berre to elektriske. Nå har Stiftelsen preikestolen mål om å tilby lading til fotturistar med elbil.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Håpar på elbillading ved Preikestolen

Men sjølv om du ikkje kan lada elbilen når du parkerer for å gå tur til Preikestolen i dag, kan det bli tilfelle på litt sikt. Det er i alle fall målet til Stiftelsen Preikestolen.

Utfordringa ved Preikestolen er å få til eit system som gjer at elbilistane ikkje opptar ein ladestasjon i fleire timar mens dei er på tur.

– Ei løysing kan bli å bruka vaktene våre til å organisera ein halvtime lading per bil, seier dagleg leiar i Stiftelsen preikestolen, Helge Kjellevold.