Hopp til innhold

Den nye rogalandsbenken dei neste fire åra

Over halvparten av den nye rogalandsbenken er ferske som stortingsrepresentantar.

Rogalandsbenken etter valet 2013

Her er personane som mest truleg skal representera Rogaland på Stortinget. (OBS: Artikkelen er skriven før alle stemmene er talde.)

Foto: NRK.no

Klokka 02.00 ligg alt an til at hovuda på bilete i toppen av denne artikkelen er dei som skal representera Rogaland på Stortinget.

Dermed kan ein snakka om ei storutskifting på rogalandsbenken, der berre seks representantar sit att frå førre periode (Solveig Horne (Frp), Bente Thorsen (Frp), Bent Høie (H), Siri A. Meling (H), Arve Kambe (H) og Eirin Sund (Ap)).

Ung og fersk

Representantane på den nye benken er mykje yngre samanlikna med den gamle. Åtte av fjorten representantar er fødde på 70- og 80- talet. Den eldste er Geir S. Toskedal (KrF) som er 59 år gamal, medan den yngste er Tina Bru (H), som er 27 år.

Det er også åtte representantar som har fått fast plass på Stortinget for første gong.

Likevel er det ikkje berre ferskingar av desse, med tanke på Geir Pollestad, som har sitje mykje på Stortinget, som vararepresentant for Magnhild Meltveit Kleppa.

Langeland ute

Sjølv om rogalandsbenken dei neste fire åra både er ung og fersk, er det nokre ting som ikkje endrar seg. Benken er framleis like blåfarga, med sju representantar frå Høgre og Frp.

Det er berre forholdet mellom dei to partia som har endra seg. Medan Frp hadde fire representantar i førre periode, og Høgre tre, er det nå Høgre som har fire, medan Frp har gått ned til tre.

Dei andre partia som i har fått inn fleire mandat frå Rogaland er Kristeleg Folkeparti og Venstre som har auka talet på representantar med ein. SV og Hallgeir Langeland er ute for første gong på 16 år.