Hopp til innhold

Desse merka vil det snart bli mange av

Stavanger kommune er i full gang med å måla opp gule og svarte firkantar på fjellknausar og asfalt. Firkantane har ei viktig rolle når kommunen skal fotograferast frå lufta.

Kommunemerking

Fleire av desse merka er plassert ut i Stavanger kommune.

Foto: Stavanger kommune

Har du sett firkantane som i desse dagar blir måla opp rundt omkring i Stavanger kommune, og lurt på kva det er? Her kjem svaret:

Ein gong mellom 2. april og 20. mai skal heile Stavanger kommune bli fotografert frå lufta. Målet er å laga eit såkalla ortofoto, som er ei samansetning av fleire luftfoto som i inneheld mykje geografisk data.

For å tilpassa dei ulike bileta perfekt vil signalmerka som kommunen i desse dagar målar på bakken fleire stader vera viktige hjelpemiddel i den digitale etterbehandlinga. Totalt skal 40 merke målast opp.

– Firkantane er signalpunkt som gjer at ein får plassert bileta i riktig høgd og posisjon i terrenget, seier geodatasjef i Stavanger kommune, Lin Knarvik.

Det er derfor svært viktig at punkta ikkje blir tildekka i perioden, til dømes av ein bil eller ein piknikkduk. For heile poenget er at ein skal sjå firkantane frå flyet.

Ortofoto av Grimstad

Slik ser eit ortofoto frå Grimstad ut. Strekane gir på same måte som eit kart informasjon om terrenget.