NRK Meny
Normal

Desse fem hindra ein storbrann

Sist fredag byrja det å brenne i ein bustad på Ålgård. Brannvesenet kom raskt til staden takka vera fem unger som oppdaga, og varsla om brannen.

Fem barn varsla brannvesenet då dei oppdaga ein brann i ein bustad på Ålgård. I dag fekk dei takk frå brannvesenet.

– Det er kjekt å vera helt for ein dag, seier Leonora Tjelta Hansen.

Fredag varsla ho og fire andre barn om ein brann, i dag blei dei hylla av brannvesenet.

– Det var de som hjalp oss å stoppe denne brannen. Og det er så flott gjort, sa Espen Helland, uttrykkingsleiar i Rogaland brann og redning IKS, då han møtte dei fem heltane.

Varsla om brannen

På fredag byrja det å brenne i ein bustad på Ålgård. Dei fem ungane var i nærleiken og lukta noko mistenkeleg.

– Så gjekk me ned til det huset, og så såg me masse røyk. Og så plutseleg knuste litt av vindauget, seier Leo Aardal.

Dei varsla ein vaksen, som igjen varsla brannvesenet. Det var ikkje eit minutt for tidleg.

– Utfallet av denne brannen hadde vore eit heilt anna om det hadde gått eit minutt til, seier Helland.

Brannen starta i vaskerommet, og fordi brannvesenet vart varsla tidleg, greidde dei å sløkke brannen før den spreidde seg til resten av huset.

Takka vera ungane har ein familie framleis eit hus å bu i.

Artikkelen held fram under biletet

Brann på Ålgård

Det braut ut brann i eit bustadhus på Ålgård. Men huset brann ikkje ned.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Fekk gåver frå brannvesenet

Rogaland brann og redning IKS vart så imponert over innsatsen til desse barna, at dei i dag ga dei ein ekstra takk for hjelpa.

– Me fekk ein billett til Kongeparken og ein slikkepinne, seier Noel Kyllingstad.

Og sjølv om gåver er vel og bra, toppa kjensla av å ha redda eit heilt hus, alt.

– Det kjennes veldig bra. Eg er nøgd med det, seier brannhelt Kyllingstad.