Endå ein gong blei idrettslaget frå Storhaug i Stavanger, Brodd, som fekk med seg mest grasrotpengar frå Norsk Tipping.
I løpet av 2011 fekk dei i overkant av ein halv million kroner, noko som også plasserer dei på topp 15 lista over idrettslag og foreiningar i heile landet.
Pengane kjem i desse dagar inn på kontoen til klubben.
– Tidenes år
– 2011 blei tidenes år for grasrotandelen, med over 296 millionar kroner til lag og foreiningar landet over, slår Norsk Tipping fast i ei pressemelding.
Det er ein auke på 32 millionar kroner frå 2010. Likevel er det ein liten nedgang for Brodd som i fjor fekk 696.109 kroner.
Elles har kreftsaka vunne fram i Rogaland. Kreftomsorg Rogaland får om lag 100.000 kroner meir på konto i år enn i fjor.