«Gløym fidget-spinnaren, her er sansevotten.»
Dette er ei av fleire overskrifter i britiske aviser om dei heimelaga votteliknande kreasjonane, som er fulle av ting ein kan fikla med.
Den første som laga votten var engelske Margaret Light, ho utvikla den for si demente mor. Nå oppmodar mellom anna Oxford University Hospital i England tilsette om å sjølv strikka vottane til dementavdelinga si.
– Beroligane effekt
– Med sansevottane vil man kunne stimulera sansane gjennom syn og berøring. For dei som er motorisk urolig vil berøring av sansevottane ha beroligane effekt, seier vernepleier Tone Kleivane ved Blåsenborg avlastningsbolig i Egersund Rogaland.
Dei er ein av fleire institusjonar i området som den siste tida har fått inn sansevottar på avdelinga si. Vottane har dei fått levert gratis på døra, av Hege Prestvik frå Hellvik.
I kjellaren til Hege Prestvik i Hellvik har det blitt laga om lag 300 sansevottar dei to siste åra.
Foto: Mathias Oppedal / NRKHo er uføretrygda og sansevott-prosjektet hennar har blitt ein viktig del av livet.
– Eg trengde noko positivt å fokusera på. Og dette må jo seiast å vera positivt. Hjelpa andre samstundes som eg kan gjera noko som eg sjølv liker.
- LES OGSÅ: Bruker VR-briller for å hjelpe demente
Hamna i koma
Det er fem år sidan livet hennar blei snudd på hovudet. Ho hamna i koma i elleve døgn. Då ho vakna var motorikken dårleg, og ho måtte trena seg opp. Strikking viste seg å passa fint til dette.
Sjå Norge Rundt-reportasjen om sansevottane.
– Men det finst grenser for kor mange par med sokkar ein kan strikka til barn og barnebarn. Til slutt ville dei ikkje ha fleire sokkar, fortel Prestvik.
Det var på jakt etter nye ting å strikka ho fann «Twiddle-muffs» på internett, og resten er historie.
- LES OGSÅ: Musikk-medisinen