Hopp til innhold

Fem forklaringar på kvifor maten blir dyrare

1. juli blir maten i butikken dyrare, og analytikarane trur ikkje vi er ferdig med prisauke på mat. Men det ligg meir enn ei forklaring bak. Her er fem.

Matvareprisene ble hentet inn fra forskjellige butikker. Dette bildet er fra innkjøpet på Rema.

Talet på kassalappen er truleg litt høgare i dag enn i går. Leverandørane til butikkane justerer prisane sine to gonger kvart år – 1. februar og 1. juli. Førre gong dette skjedde, steig prisane på mat 4,5 prosent.

Foto: Pål Tegnander / NRK

1. februar og 1. juli kvart år blir matvareprisane i norsk daglegvare justert. Det er desse datoane leverandørane til daglegvarehandelen har anledning til å endra sine prisar. På grunn av dette forandrar daglegvarehandelen sine prisar igjen.

Seniorrådgjevar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio), Siri Voll Dombu, ser ikkje vekk frå at prisane blir høgare gjennom sommaren også.

Siri Voll Dombu

Siri Voll Dombu.

Foto: Nibio

– Vi regner med at det blir merkbart høgare matprisar fordi leverandørane har justert prisane. Om vi ser den fulle effekten med ein gong, er vanskeleg å seie. Ofte går matprisane markant opp i juli, og litt ned igjen i august, seier ho.

Sist gong prisane blei endra, blei det det største prishoppet på mat på over 40 år. Bak desse prisjusteringane ligg fleire faktorar som verker på prisnivået.

Jordbruksoppgjeret

Kvar vår forhandlar bøndene sine organisasjonar med politikarane i det som blir kalla jordbruksoppgjeret. Enkelt sagt er jordbruksoppgjeret ramma for kor mykje ein bonde kan tene på å vere bonde, anten hen har husdyr, dyrkar mat eller andre ting.

I AKSJON: Det har pågått aksjoner i hele landet etter at bøndene fikk under halvparten av det de krevde i årets jordbruksoppgjør. Nå har de kjørt traktorene sine til Oslo for å fortsette aksjonen utenfor Stortinget.

Bøndene pleier ofte å markere seg under jordbruksforhandlingane. Her frå i fjor.

Foto: Erlend Kinn / NRK

I oppgjeret blir partane mellom anna einig om målpris, som enkelt sagt er maksprisen bøndene kan få for varene. I Noreg er det målpris på korn, mjølk, potet, eple og nokre fleire grønsaker. Målprisen blei auka i jordbruksoppgjeret i år. Målpris er det maksimale av kva bøndene kan ta for maten når dei sel den vidare, men det er ikkje sikkert bonden får det.

Bonden har også kostnader, til dømes gjødsel. Prisane på gjødsel har gått kraftig opp, og dette er ein av grunnane til at jordbruksoppgjeret i år hadde ei høg ramme.

Daglegvarekjedene

Til sjuande og sist er det Kiwi, Rema eller Meny som bestemmer kva pris dei vil ta for ein liter mjølk eller ei pakke kakao. Nokre varer kan dei tene mykje på, medan andre kan dei sjølvsagt selje for mindre enn butikken har kjøpt dei for.

Les også: Opposisjonen einige om regulering av daglegvarehandelen

Varer i butikk
Varer i butikk

Daglegvarebransjen er blitt skulda for å samarbeide om prisar, noko som gjorde at dei fekk varsel om milliardbøter i fjor. Politikarane og Konkurransetilsynet forsøker å lage rammer som mellom anna gjer at kor langt frå kvarandre butikkane ligg, ikkje skal føre til høgare prisar.

Og det er fleire aktørar enn politikarane som påverkar kva pris butikkane tar. Mellom anna må dei bruke straum i butikkane, og dei som jobbar der, må ha løn.

Næringsmiddelindustrien

Maten du kjøpar i butikken, ser ikkje ut heilt slik den gjer når bonden tar den opp av jorda eller ut av fjøset. Ein stad må nokon vaske maten, pakke den inn eller blande fleire ingrediensar for å lage noko.

Nortura sitt slakteri i Førde

Det er kanskje sjølvsagt, men likevel: Før eit dyr kan bli middag, må nokon jobbe med kroppen. Som her hos Nortura i Førde.

Foto: EMILY LOUISA MILLAN EIDE / NRK

Denne bransjen må, som bøndene og daglegvarekjedene, leve med kva ulike ting kostar medan dei vaskar, pakkar og lagar.

– Store kostnadsaukar i verdikjeda kan forklare prisauke, seier Dombu hos Nibio.

Og med det er vi tett på neste punkt.

Råvarekostnader

Gjødsla bøndene brukar har vi vore inne på. I tillegg må både bøndene, daglegvarekjedene og industrien leve med kva straumen og drivstoffet kostar.

Les også: Dette har blitt dyrere det siste året

Ferie, strøm og drivstoff har blitt dyrere.
Ferie, strøm og drivstoff har blitt dyrere.

Situasjonen har gjort at maten har blitt dyrare i heile EU. Faktisk har EU-prisane økt meir enn prisane i Noreg sidan før koronaen.

– Matprisane i EU blir kanskje justert fortare enn i Noreg, seier Dombu.

Både straum og bensin har som kjend blitt ganske mykje dyrare den siste tida. Og dermed er vi over i det siste punktet, som handlar mykje om eit russisk etternamn på fem bokstavar.

Krigen i Ukraina

Sjølv om maten du kjøpar ofte ikkje kjem frå Ukraina, har krigen mykje å seie. For kva straumen kostar, og for kva bensinen kostar. Og for kva maten kostar.

Les også: Krigen i matfatet

Ukrainsk flagg med korn
Ukrainsk flagg med korn

Ukraina er ein viktig produsent av til dømes solsikkeolje, som blir brukt for å lage til dømes norsk potetgull. Og dei internasjonale kornmarknadene følgjer nervøst med på om Ukraina får eksportert kornet sitt.

– Krigen og energikrisa har ført til ei stor prisauke internasjonalt, og den har vart ei stund. Men førebels har det ikkje auka så mykje i Noreg, seier Dombu.