NRK Meny
Normal

Denne veka er heile skulen på skeiva

Elevane på Gosen skule i Stavanger er lei hetsing av dei med ei anna legning, og vil gjera det lettare å stå fram. Derfor arrangerer dei landets første skeive skuleveke.

Kjersti Stangeland og Karoline Krag

Kjersti Stangeland og Karoline Krag heisar opp regnbogeflagget på Gosen ungdomsskole.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Sjølv om du har ei anna seksuell legning så er du like mykje verdt. Du skal ikkje bli tråkka på, seier elevrådsleiar Karoline Krag.

Ho og resten av elevrådet på Gosen skole i Stavanger har høyrt «Jævla homo!» bli ropt for ofte i skulegården. Dei er lei hetsing av elevar med ei anna legning enn fleirtalet.

Derfor heisa dei regnbogeflagget i dag.

Først i landet med «skeiv veke»

Gosen på skeivå

Slik ser programmet for «Gosen på skeivå» ut.

Foto: Gosen skole

Skulen er den første ungdomsskulen i landet som skal arrangera «skeiv veke».

Målet med «Gosen på skeivå» er å informera, overvinna fordommar, og gjera det lettare for unge å stå fram som homofile og lesbiske. Det er elevrådet som har gått i spissen for å få til arrangemente.

– Det å vera annleis er vanskeleg, og særleg slik som me ungdomar lever nå. Med press frå alle kantar. Så me har lyst å gje ein stemme til dei som er annleis. Det skal vera greitt, seier elevrådsmedlem Kjersti Stangeland.

«Gosen på skeivå»

– Det er for å førebyggja mobbing av homofile og lesbiske, og spreie kunnskap om kva det eigentleg er. Det er mange som slit med tankane sine, og synst det er vanskeleg å koma ut, så me vil gjera det litt mindre tabu. Gjera det greitt å snakka om, seier Stangeland.

– Korleis trur du det er å stå fram som homofil når ein er 14–15 år?

– Eg trur at du tenker at det er meir skummelt enn kva det eigentleg er. Ungdommar nå til dags er ikkje så fordomsfulle som dei var før, seier Krag.

Stadig fleire unge står fram

– Eg synst dette er heilt fantastisk, seier fylkesleiar for LLH – Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner, Tone Dalum.

Tone Dahlum

Tone Dahlum i LLH ønskjer temaveka hjarteleg velkommen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Ho ønsker temaveka på Gosen hjarteleg velkomen, som det første arrangementet av sitt slag på ein norsk ungdomsskule.

– Eg trur det vil fortelja dei unge at her hos oss er det akseptert at du er den du er, og kjem ut om du har lyst. Det er ikkje farleg å koma ut på vår skule.

Er det mange som står fram så tidleg som på ungdomsskulen?

– Det er ikkje mange, men me ser at det blir fleire og fleire.

Dalum trur ungdomane veit kven dei er tidleg, og at mange har tenkt på dette i lang tid før dei står fram.

Trur du dette hadde vore mogleg for ti år sidan?

– Nei. Ikkje fem eingong.