Hopp til innhold

Denne rogalandskommunen veks mest i landet

Ingen norsk kommune veks like mykje som Rennesøy. Nå vil ordføraren stoppa veksten.

Vikevåg, Rennesøy

Her er det størst folkevekst i landet. Bilete er frå Vikevåg, sentrum i Rennesøy kommune.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Dei siste åra har Rennesøy hatt den største folkeveksten i Norge, skriv Dagens Næringsliv (DN).

På fem år, frå 2007 til 2012, har folketalet auka med heile 24,4 prosent. Ullensaker kommune i Akershus er nummer to på lista, med ein folkevekst på 19,6 prosent dei fem siste åra.

Ikkje berre jubel over veksten

Dagny C Sunnanå Hausken

Dagny Sunnanå Hausken, ordførar i Rennesøy.

Foto: Senterpartiet

Men veksten i Rennesøy er ikkje udelt positiv. Ordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) vil avgrensa folkeveksten.

– Veksten må ned på eit meir handterleg nivå. Ein vekst over fire prosent er ikkje berekraftig, seier Sp-ordføraren til DN.

Det er presset i bustadmarknaden på Nord-Jæren som tvingar stadig fleire til å busetja seg lengre borte frå byområda Stavanger/Sandnes.

Ingen annan by i Norge har hatt større prisvekst i bustadmarknaden enn Stavanger dei siste åra.

Også stor vekst i Klepp og Sola

Den enorme folkeveksten i Rennesøy gjer også kommunen til ein av vinnarane målt i berekraft. Kommunen er på 16. plass over landets mest berekraftige kommunar.

Også to andre rogalandskommunar er på topp-ti-lista over kommunane i landet med størst folkevekst. Det er Klepp og Sola, med ein folkevekst på 16,2 og 15,5 prosent dei siste fem åra.