Liten svarthalespove frå ei kjelve på Jæren.
Foto: Anders T. Braa / FylkesmannenFor å ta vare på den utryddingstrua Svarthalespoven, som legg egga sine i det høge graset på Jæren, vil Fylkesmannen i Rogaland samarbeide med fleire bønder enn dei gjer i dag.
- Les òg:
Kan få tilskot
Sjølv om det nå er 9–14 hekkande svarthalespovar på Jæren, reknar ein med at dei fleste vil døy når bøndene byrjar å slå graset for fullt. Anten går dei nye kulla maskinen, eller tar rovdyr dei på snautt gras.
– Me må ha ein større sjanse enn det me har nå til å berga dei nye kulla med Svarthalespove. I år har me kontroll på eit par kull, men det er ikkje nok om me skal sikra bestanden, seier Braa.
Bønder har nå moglegheit til å utsetja slåtten sin til 5. juni, og få att dei tapte pengane frå staten. Viltforvaltar Anders Braa håper fleire bønder hiv seg på den nye tilskotsordninga dei nå har fått i gang.
Bondelaget positive
– Skal denne svært truga fuglearten overleva i Sør-Noreg, er det naudsynt med tiltak og eit godt samarbeid med grasprodusentar i området mellom Reve og Orre i Klepp kommune. Me bør og ha ei brei semje om verdien og plikta me har for å sikra også denne delen av det biologiske mangfaldet. me er eit lite stykke på veg, men håper å få til ennå betre løysingar til neste år.
Leiar i Rogaland bondelag, Ola Andreas Byrkjedal, ser positivt på samarbeidet. Så lenge det skjer på bøndene sine premiss.
– Me kan få til eit samarbeid dersom det er ein god dialog, men det må vera på landbruksnæringa sine premiss, seier Byrkjedal.
Tilpassa drift betyr at grasmarka i hekkeområdet på opp mot 20 dekar skal stå urørt fram til 5. juli. I år blir det utbetalt kr 1650,- pr dekar hekkeområde.