Denne familien har verdsrekord – i bursdag!

Tre søsken. Tre årskull. Men dei har ein unik ting til felles: Alle er fødd på den sjeldne skotårsdagen 29. februar.

Skuddårssøsken

VERDSREKORD: Søskena Olav, Heidi og Leif-Martin Henriksen har bursdag på skotårsdagen. Det har gjeve dei verdsrekord og plass i Guinness rekordbok.

Foto: Privat

Halve søskenflokken Henriksen har notering i Guinness rekordbok.

Kvifor? Fødselsdatoen deira.

For så unikt er det at Olav (56), Heidi (60) og Leif-Martin (52) har bursdag på skotårsdagen.

NRK overraska Olav på denne spesielle datoen:

NRK overraska skotårsbarnet Olav Henriksen på sin 14. bursdag.

Hemmeleg oppskrift

I høve sin 14. bursdag har Olav (56) samla vener til feiring på Røyneberg i Rogaland. Søskena er spreidde over heile landet, og feirar sjeldan bursdagen saman.

– Eg håpa Heidi skulle ordne i stand eit skikkeleg 60-årslag. Slik vart det ikkje. Vi får sjå kva det blir til når eg fyller 60, seier Olav.

Søskenflokken har god kontakt. Spesielt på denne dagen.

Det heile starta 29. februar 1960. Då fødde mor Karin Henriksen dottera Heidi. Nøyaktig fire år seinare, i 1964, kom sonen Olav.

Men det stoppa ikkje der. Skotårsdagen i 1968 fekk ho enno ein son, Leif-Martin.

I 2012 sa rekord-mora til NRK:

– Ja, visst var det planlagt, sa Karin Henriksen.

– Korleis fekk du det til?

– Det er mi hemmelegheit.

Bursdagsfeiring på skuddårsdagen

Dei tre søskena som har bursdag på same dag er spreidde over heile landet, og feirar på ulike vis. Olav Henriksen feirar sin 14. bursdag med gode vener.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Tre feiringar på same dag

Sjølv om dei var tre søsken som hadde bursdag på same dag, sørga foreldra for at alle fekk si eiga feiring.

– Den yngste fekk feire fyrst på dagen, så fekk eg feire, også til slutt storesystera vår, seier Olav.

Når det ikkje var skotår feira dei 28. februar.

– Vi har hatt vanleg bursdag kvart år, men det vart ofte litt meir ståhei på skotårsdagen.

Mykje merksemd – i heile verda

Olav Henriksen

Søskena har fått mykje merksemd både nasjonalt og internasjonalt. På 1980-talet hamna den nokså spesielle søskenflokken i Guinness rekordbok.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Då familien kom i Guinness rekordbok på 1980-talet blei dei inviterte til amerikanske Martha Stewart Show, via telefon. Dei var også ei veke i Japan og deltok på eit TV-show.

Dei har pryda mange lokalaviser, gjesta Frokost-TV og vore på Norge Rundt.

– Det blir mykje merksemd, men så lenge det er kvart fjerde år så går det greitt, seier Olav.

– Ein skulle tru det var dei som har rekorden, altså mamma og pappa, som fekk mesteparten av merksemda, men det har alltid vore oss som er rekorden som har fått den.