NRK Meny
Normal

Denne avtalen skal få fleire i jobb

«Rogalandserklæringen» er ein sjupunktsavtale der ambisjonen er fleire hundre arbeidstreningsplassar i Rogaland.

Stor pågang hos Nav i Sandnes i desember 2016

– I staden for at folk passivt mottar dagpengar, vil me at folk skal komma aktivt ut i arbeidslivet, seier generalsekretær Ivar H. Kristensen i Tekna. Biletet viser stor pågang hos Nav Sandnes i desember 2016.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Det er fagforbundet Tekna som har tatt initiativ overfor dei største arbeidsgivarforeiningane i Rogaland (KS, NHO og fylkeskommunen) til ein forpliktande avtale for å få fleire arbeidsledige i jobb.

Fagforbundet NITO er også med på «Rogalandserklæringen» (sjå faktaboks) som blir signert i Stavanger tysdag ettermiddag, dagen før nasjonaldagen.

– Me mobiliserer til ein dugnad for å få arbeidstreningsplassar i bedriftene, slik at flest mogleg ledige ingeniørar i Rogaland kan få trening og kvalifisera seg for andre bransjar, seier generalsekretær Ivar H. Kristensen i Tekna.

Fleire hundre arbeidstreningsplassar

Generalsekretær i Tekna Ivar Horneland Kristensen

Generalsekretær Ivar H. Kristensen i Tekna.

Foto: CF Wesenberg

Partane i avtalen har ikkje bunde seg til eit tal, men Tekna har ambisjonar om at jobb-dugnaden skal resultera i fleire hundre arbeidstreningsplassar.

– I staden for at folk passivt mottar dagpengar, vil me at folk skal komma aktivt ut i arbeid. Me ser også at folk som gjer det har større sjansar til å komma seg ut i arbeidslivet igjen. Dette er hovudpoenget med erklæringa, seier Kristensen.

Charlotte Sørås er den som har jobba med avtalen på vegner av NHO Rogaland. Ho seier dei kjem til å bruka tid på å informera sine medlemsbedrifter om kva arbeidstrening i Nav er, i tillegg til andre tiltak som gjer at folk kan få kompetansen næringslivet spør etter.

– Me har vore i ein kraftig bølgedal. Nå har me så vidt starta på ein forsiktig betring, men det er framleis mykje arbeid som står att før me er ute av situasjonen me har vore i, seier ho.

Gründer-dag og arbeidstrening

Marianne Chesak

Fylkesvaraordførar Marianne Chesak (Ap).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Rogaland fylkeskommune er ein av fylket sine største arbeidsgivarar med om lag 3500 tilsette. Ein gründer-dag for arbeidsledige er blant det fylkeskommunen skal bidra med, i tillegg til at dei skal få inn fleire på arbeidstrening i eigen organisasjon.

– Me er ein stor arbeidsgivar i regionen og har moglegheiter til å bidra, kommenterer fylkesvaraordførar Marianne Chesak (Ap), som signerer avtalen på vegner av fylkeskommunen.

I revidert nasjonalbudsjett torsdag gjekk finansminister Siv Jensen (Frp) langt i å friskmelda norsk økonomi. «Det er teikn til at nedgangen er bak oss», sa finansministeren.

Men Tekna viser til at delen sysselsette har gått litt ned det siste året og at mange framleis går arbeidsledige (5,2 prosent i april i Rogaland, ifølge Nav).

Derfor meiner generalsekretær Kristensen det er viktig å ha «fullt trøkk» på å få arbeidsledige i jobb, som altså er hovudføremålet med «Rogalandserklæringen»

– Sjølv om arbeidsløysa går litt ned, ser me det motsette når det gjeld langtidsledige. Derfor er avtalen viktig, kommenterer fylkesvaraordførar Chesak.