NRK Meny
Normal

Den største gasslekkasjen

Gassutblåsinga på Visund-plattformen i januar er den største gasslekkasjen ombord på ei plattform i nyare tid. Det kjem fram i granskingsrapporten.

Visund-plattformen
Foto: Statoil

Hendinga kunne ha ført til ei storulykke og avvik frå regelverket var den direkte årsaka til at lekkasjen oppstod.

Petroleumstilsynet gir likevel ingen pålegg til operatøren Statoil fordi Statoil sjølv har sett i verk omfattande tiltak.

Lekkasjen var på over 900 kilo gass i sekundet.

Lekkasjen er 90 gonger større enn det som vert rekna som grensa for den alvorlegaste kategorien av hydrokarbonlekkasjar. Total lak det ut 26 tonn gass.

Gasslekkasjen oppstod då ein væskeutskillar som var feilkonstruert kollapsa og laga eit stort hol i røret som fører gass til fakkelen.