NRK Meny
Normal

Dei er den siste nynorskklassen i Stavanger

Klasse 7C på Våland skule har teke sommarferie. No er det ingen nynorskklassar igjen i Stavanger.

Avslutning for nynorskklassen på Våland skole

Elevane i nynorskklassen 7C har fått attest og ei rose. No er den siste nynorskklassen i Stavanger historie.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Kjærleik, det er eit fint ord, seier Baldur i 7C på Våland skule i Stavanger.

For i denne klassen kan dei sin nynorsk.

– Det er jo meir likt. Me seier jo "ikkje" på Stavanger-dialekt. Me skrive jo ikkje "ikke", som det er på bokmål, seier Jone.

Som einaste klasse på skulen har dei 13 elevane hatt nynorsk som hovudmål alle sju åra, og det er elevane sjølv godt nøgde med.

– Det er noko som ikkje alle andre har. Eg liker å ha nynorsk sidan du då blir betre i det på ungdomsskulen. Så eg vil læra meg det, seier Nora.

– Kvifor vil du læra nynorsk?

– Fordi det er viktig. Det er ein type norsk som ikkje må døy ut, seier Nora.

Siste nynorsk-klasse i Stavanger

Elevane i klasse 7C på Våland skule har akkurat fått sommarferie. No er det ikkje fleire nynorskklassar igjen på skulen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ufatteleg

– Dette er ein veldig vemodig dag for meg, seier lærar Anita Winsjansen Lillebø.

Når ho no tek farvel med klasse 7C, tek ho også farvel med oppgåva som nynorsklærar. For til hausten er det ingen fleire nynorskklassar igjen, verken på Våland eller i Stavanger.

Nynorsklærer Anita Lillebø

Det blir ingen nye nynorskklassar for Anita Winsjansen Lilløbø å undervise, til hausten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg fattar det ikkje. Enkelt og greitt. Eg synst de snakkar så nynorsk her. Nesten meir nynorsk enn vi sunnmøringar. Men så er det vel litt i tida då, det har gått litt av moten med nynorsk, seier Winsjansen Lillebø.

– Kvifor trur de at ikkje fleire vel nynorsk?

– Fordi at det er vanlegare med bokmål og dei føler seg tryggare på det. Så vel dei heller bokmål fordi det er det alle andre gjer, og fordi det er lettare, seier Tilde i nynorskklassen 7C.

Tilde

Tilde i 7C trur folk vel vekk nynorsk fordi det er vanlegare å bruke.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kampen er ikkje tapt

Leiar i Norsk målungdom, Vebjørn Sture, seier det er trist at landets fjerde største by ikkje lenger har nynorskklassar i grunnskulen.

– Me synst sjølvsagt at det er synd at nynorsken ikkje har eit sterkare fotfeste i Stavanger. Fordi det er ein av dei største byane i landet, og den kunne ha spelt ei viktigare rolle for nynorsken enn det den gjer i dag, seier Sture.

Vebjørn Sture

Leiar i Norsk Målungdom synst det er trist at Stavanger ikkje lenger vil ha nynorskklassar.

Foto: Odin H. Omdal

Han trur likevel ikkje at kampen for nynorsken er tapt i Stavanger.

– Kva som skjer i framtida er ikkje bestemt av det som har skjedd før. Det blir bestemt av kva folk bestemmer seg for å gjera framover. Og viss mange nok foreldre vil gi ungane sine den fordelen det er å byrje med nynorsk først, så kjem det til å koma fleire nynorskklassar, seier Sture.

Foreldra må ta initiativet

For det er mangel på initiativ frå foreldra som er årsaka til at Våland skule no vil stå utan nynorskklassar. Rektor ved skulen, Eli Ryssdal, tilbyr gjerne nynorsk, om foreldra vil ha det.

– Me ønsker oss fleire nynorskklassar. Så ved eit foreldreinitiativ, så vil det bli oppretta, om det er minst ti elevar, seier Ryssdal.

For klasse 7C går vegen no vidare til ungdomsskulen. I sju år har alle i klassen skreve nynorsk, no vil dei møte ein horde av bokmålsbrukarar.

– Det blir jo annleis, men eg trur me får ein veldig stor fordel, sidan me les bokmålsbøker, lærer me oss det, og så kjem me til å få ein mykje betre karakter i nynorsk, seier Jone i 7C.

Avskjedsklemmer

Tilde, Nora og Hulda i klasse 7C gir kvarandre ein avskjedsklem, no skal dei vidare til ungdomsskulen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK